- Som ein rosemålar
VIDEO: Musikken til Henrik Lyssand sto i høgsetet då komponisten og arrangøren blei heidra sundag kveld.
Os Musikkforening, Os Spelemannslag, Os Kammerkor, Lysekoret, Os Vocalis, Os Blandakor, Os Pensjonistkor, Os Mannskor og Tre med skjegg avrunda Henrik Lyssand-jubileet med ein to og ein halv time festframsyning for å heidra og minnest komponisten, dirigenten og arrangøren.
- Henriken var ein lettliva leiken humørspredar, meinte kveldens konferansierar Barbra Røttingen og Inge Brækhus.
Ei kulturarv
Og nettopp lettbeint og leiken blei konserten kor den fullsatte Oseanasalen fekk smakebitar frå den omfattande produksjonen til Lyssand.
- Far hadde sine melankolske augeblikk.
- Kva blir igjen etter meg, kunne han undra på, fortalde yngste sonen Eirik Lyssand då han takka Anne Fristad og Leif Ragnar Tveit for innsatsen rundt jubileet.
Svaret Osbygda kan gi Henriken er enkelt.
- Du etterlot deg ei kulturarv som vil leva lenge.
Gjer musikken tilgjengeleg
Dette trakk kultursjef Lisbeth Axelsen fram då ho nytta høve til å takka Lars Skorpen og Bergljot Lyssand Bjørø for deira innsats med å bringa kulturarven vidare gjennom to bøker.
- I løpet av veka kjem eg til å reise rundt til barnehagane for å dela ut minst femti eksemplarar av songboka di, fortalde Axelsen til Lyssand Bjørø.
Dermed blir Henrik Lyssand sine små viser og tonesettingar tilgjengeleg for nye generasjonar Osingar.
Musikk med krussedullar
Blant publikum i den fullsette salen fann vi komponist Glenn Erik Haugland.
- Korleis vil du beskriva musikken til Henrik Lyssand?
- Eg fekk aldri gleda av å møte han, men musikken hans lev vidare.
- Eg trur eg vil seie at han komponerte omlag som ein rosemålar med små lette svingningar og krusedullar i tonane, smilte Haugland.
Video 3:32; Få smakebitar frå første halvdelen av programmet (foto: Andris Hamre)