Sølv til Søre Neset
Jentelaget til Søre Neset gjorde det godt i sjuarfotball i Lerøy Cup i helga.
Fleire fotballungdomar frå Osbygda har deltatt i cup før og etter påske, jentene i Lerøy Cup, gutane i Varegg Cup.
Jentelaget (J16/J97) til Søre Neset er ikkje mange nok til å spela på full bane verken i serie eller cup, men gjorde det godt i sjuarfotball i helga.
Laurdag vann dei alle dei tre kampane i innleiande rundar, med 17-5 i målforskjell, søndag var det semifinale.
I semifinalen blei det 2-1-siger over Lindås.
I finalen sto Varegg for tur.
Søre Neset slo Varegg 7-3 i puljespelet, men i finalen blei det knepent tap, 3-4.
Det var likevel tydeleg at Søre Neset har lagt bak seg ein god vinter med trening og er klare for seriestart.