Fotball | 07. jan. 2013

Sølv og bronse til Os

Os J16 tok sølv og bronse i Bergen Fotballfestival i helga. Også Os G14 gjorde det bra og hamna på delt 3. plass i femmarturneringa.

Sølv og bronse til Os
Os jenter 98 med sølvmedaljen frå Bergen Fotabllfestival. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 07. jan. 2013 09:09

I helga gjekk Bergen Fotballfestival av stabelen i Vestlandshallen. Innandørsturneringa, der det blir spelt femmarfotball, gav deltakarane ein fin, men intens start på det nye fotballåret.

Os Turn stilte med to lag i jenter 98, som i år går opp til J16-klassen. I tillegg stilte gutar 99, som i år speler i G14, med tre lag.

Søre Neset stilte med to lag i klassen for jenter 97.

Medalje til begge jentelaga

Os hadde delt laget opp i to like gode femmarlag og begge tok seg til semifinale, Os 1 med 5-0, 0-5 og 10-0 i innleiande rundar, Os 2 med 2-1, 5-0 og 5-0.

Kvartfinalane enda 3-2 til Os 1 på sudden death mot Vadmyra 1 i kvartfinalen, medan Os 2 slo Sandviken 2-0.

Os 2 møtte Vadmyra 2 i semifinalen og tapte 1-4. Os 1 låg under 0-2 for Eidsvåg, men snudde kampen og vann fortent 5-2.

Os 1, som tapte 0-5 for Vadmyra 2 i innleiande runde, klarte seg betre mot same motstandar i finalen, men tapte 0-2.

Dermed blei det 2. plass og delt 3. plass på dei to laga som har vore i semifinale eller finale i 11 av dei 13 cupane dei har deltatt i dei siste to åra.

To av tre gutelag til A-sluttspel

Os gutar 99 stilte med tre lag i turneringa. To av dei tok seg til A-sluttspel, det tredje spelte B-sluttspel.

Os 1 vann 5-2 og 7-0 i innleiande runde, men tapte 0-5 for Fyllingsdalen 2 og gjekk vidare som puljetoar.

I kvartfinalen blei det ein fin 5-3-siger over Erdal, men i semifinalen venta Fyllingdsdalen 1, og der blei det 0-9-tap.

Os 2 tok seg til A-sluttspel med 2-3, 5-4 og 4-0, men tapte kvartfinalen for Fyllinsdalen 1.

Os 3 tapte dei tre kampane i innleiande rundar, men vann kvartfinalen i B-sluttspelet 6-1 over Sandviken.

I semifinalen blei det 1-4-tap for Sædalen.

Søre Neset-jentene tapte

Søre Neset sitt jenter 97-lag stilte med to lag.

Søre Neset 1 spelte 2-2 mot Varegg, men tapte resten. Søre Neset 2 tapte alle kampane, med 1-2-tap som beste resultat.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.