Sport | 03. sep. 2013

Solid rally av Karoline

Debutant Karoline Breivik frå Os gjorde god figur i junior-NM i rallycross i Kristiansand.

Solid rally av Karoline
Karoline Breivik i rallybilen ho i helga leigde av tidlegare noregsmeister Even Hvaal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 03. sep. 2013 15:31

I helga var Karoline Breivik i Kristiansand for å kjøra rallycross for første gong.

Les òg: Debuterer i rally-NM

– Det har gått veldig bra! Eg kom på 6. plass i førsteomgang og ligg på 7. plass samanlagt etter to omgangar, sa Karoline til Midtsiden laurdag kveld.

Det var då sagt at berre 6 av dei 9 juniordeltakarane skulle kjøra finale, og Karoline gjekk for 5. plass i 3. og siste innleiande omgang søndag.

Stoppa av tjuvstart

– Ho klarte seg veldig bra og låg i 3. spor i finalen, fortel coach Håvard Gåssand.

Han trudde éin tjuvstart ikkje var verre enn at du eventuelt blei flytta eit hakk bak i startfeltet, men sånn var det ikkje.

– Det var ikkje bevisst, men Karoline var på hugget ved start og tjuvstarta. No er reglane sånn at du blir diskvalifisert på direkten ved tjuvstart, så det var veldig uheldig.

– Regelen er OK, så ingen kan spekulera i dette med tjuvstart, og dette burde eg visst, seier Gåssand.

– Men det som er gledeleg er at Karoline ligg rett bak dei 4-5 beste juniorane og at ho har hatt ein vellykka smak på rallysporten, legg han til.

Eigaren av bilen, tidlegare noregsmeister Even Hvaal frå Larvik, skal ha sett på løpet og gjeve fine tilbakemeldingar til Karoline på kjøringa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.