Solid 2. plass
Volleyballdamene til Søre Neset tok ein solid 2. plass i helgas rankingturnering. – Eg er kjempenøgd med det jentene viste, strålar Morten Erikssen.
Laurdag spelte Søre Neset rankingturnering i Haukelandshallen. Turneringa er ein del av seriespelet, kor berre topp tre får poeng.
– Det var viktig for oss å plukke poeng også denne helga.
– Kampane er tøffare enn dei vanlege seriekampane sidan dei berre går over tre sett, kor det tredje settet går til 15 poeng.
– Ein er difor nøydd til å gå ut i 100 for ikkje å bli hengande etter, forklarer trenar Morten Erikssen.
Slo Nyborg
Turneringa starta på best mogleg måte for Søre Neset-jentene med 2-0 sigrar over Kvernbitt 2 og Hordvik.
– I tredje kampen møtte vi Nyborg 2 som vi tapte grovt for i opningsturneringa.
– Nyborg ligg framfor oss på tabellen, men har ein kamp meir spelt enn oss. Det er nok dei vi kjempar mot bak BSI 2.
Søre Neset jentene viste at dei ville og kunne bita frå seg og kan jubla for 2-1 siger etter dei tre setta.
Gav BSI kamp til døra
I finalen møtte dei BSI 2, som dei nyleg tapte mot i ordinær seriekamp.
– BSI-trenaren hadde nok rekna med å cruise gjennom heile turneringa, men jentene ville det annerleis.
– Etter to sett sto det éin - éin og vi måtte ut i tredje og avgjerande sett.
– Jentene held godt følge i siste settet, men då viser BSI-jentene at dei har spelt volleyball på høgt nivå tidlegare.
– Dei les blokkane våre i løpet av millisekund og set ballen forbi oss. Det er omtrent som om handballdamene til Os skal spele mot elitelaget til Tertnes.
– Vi må sjå oss slått 11-15, men det kunne fort ha bikka båe vegar, seier Erikssen, som fortel om eit særs godt arrangement i Haukelandshallen.
– I tillegg til å skryta av spelet til jentene mine, må eg få lov til å skryta av Vibeke Molvik Eriksen frå Kvernbitt. Ho leverte eit prikkfritt arrangement som gjekk på skinner frå start til slutt.
No ventar juleferie på Søre Neset-jentene før seriespelet tek til igjen i midten av januar.