Lokal | 19. mars 2013

Sol gjennom heile påsken?

Starten på veka har vore bra og påskeferien er venta å få fleire skyfrie dagar.

Sol gjennom heile påsken?
Det var skyfri himmel over Os måndag. Til helga blir det liknande vêr igjen. (Foto: Emily Johnsen/Martin Ziegler)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 19. mars 2013 09:07

Tekst og foto: Emily Johnsen og Martin Ziegler
Elevar ved 9. trinn på Nore Neset skule, på arbeidsveke hos Midtsiden.no

Finvêret vi har i Os skal halda fram. Truleg blir det nokre skyer onsdag og torsdag, men frå fredag til over helga er det venta skyfri himmel!

Yr og Storm melder begge knallvêr i starten på påsken.

Det er venta skyfri himmel frå fredag til og med måndag, med svak vind og 2 til 5 varmegradar på dagtid.

Dette er tida for å være ute og kose seg.

Har du planar om å stå på ski kan du gle deg til helga, det ligg mykje snø i fjellet og i helga kom det nye 7 cm i Eikedalen.

Og det er sjølvsagt fleire måtar å nyta finvêret på i ferien, gå på tur, kjøra båt eller stå på eit nes med fiskestanga.

Sjølv om det kan vera litt kaldt så er det meldt lite vind, og sola vil nok hjelpa på påskehumøret!

Om det blir sol gjennom heile påsken er uvisst, men det kan nesten sjå sånn ut.

Førebels melder Yr skyfri himmel så langt varselet rekk, altså til og med onsdag i neste veke. Storm melder overskya onsdag dagen før skjertorsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.