Sol frå måndag - knallvêr neste helg!
Denne helga blir grå, neste helg kan bli endå varmare enn pinsen.
Etter ein pinse med sol og over 20 gradar hadde vi opphaldsvêret med oss til og med onsdag.
Etter ein våt torsdag er det meldt opphaldvêr resten av dagen i dag, men regnbyger igjen både laurdag og søndag.
Temperaturen skal halda segf på 12-15 gradar, og vindstyrken er venta å vera svak, rundt 3 m/s mesteparten av helga. Men det skal regna både laurdag og søndag, spesielt laurdag ettermiddag og søndag formiddag.
Ei solrik veke i vente
Det ser likevel ikkje ut som om vi må venta lenge på neste periode med godvêr.
Måndag og tysdag er det meldt lettskya og 12 -13 gradar.
Onsdag og torsdag skal det bli varmare. Her melder Yr opphaldvêr mens Storm melder regn.
Men helga er dei einige om; fredag og laurdag om ei veke er det meldt 20-22 gradar i lettskya eller skyfritt, og med under 2 m/s i vindstyrke.
- Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent.
Ikkje kjekt for alle
Blant dei som truleg ikkje vil kalla meldingane for godt nytt er dei som fiskar i Oselvo.
Opninga er søndag kveld, ved inngangen til måndag 15. juni, og fiskarane håper som vanleg på høg vassføring.
Det er gjort to svært positive observasjonar før sesongstart, men Oselvo har ikkje demning med kran som kan opnast, den er avhengig av nedbør for at laksen skal vandra og bita.