Lokal | 13. mai 2016

Søkte med hund etter omfattande hærverk

Politiet fekk assistanse av hundepatrulje etter hærverk i Halhjemsmarka i natt.

Søkte med hund etter omfattande hærverk
Lensmann Oddbjørn Dyrdal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. mai 2016 09:25

I 02.30-tida natt til fredag fekk politiet melding om hærverk på fleire bygningar i Halhjemsmarka.

– Det er utført ulike typar hærverk, blant anna ruteknusing, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

Politiet fekk gode skildringar av to unge menn. Dei var vekke då patruljen kom fram, og det blei søk området, blant anna med hundepatrulje.

Éin av to mistenkte er pågripen

Patruljen møtte ein som passar skildringane og vedkomande blei pågripen.

– Vi føler oss rimeleg sikre på at vi har rett person. Vi meiner òg at vi veit kven han andre er, seier Dyrdal.

Dei to er rundt 20 år. Mistenkte som blei pågripen sit fengsla og blir avhøyrd i dag.

– Han var rusa og vi tok utvida blodprøve for å sjå om han også var påverka av andre rusmidlar enn alkohol.

Ute og inne

Det er uvisst kor mange bygningar det er snakk om, men éin er spesielt utsett.

– Truleg er det òg gjort noko hærverk innandørs, seier Dyrdal.

– Har personar vore truga av dei som utførte hærverket?

– Nei. Det er ikkje noko som tyder på det.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.