Søfteland møtte ikkje til kamp. På heimebane
– Vi fekk beskjed i god tid, seier trenaren til motstandarlaget, Austevoll.
Søfteland har hatt ein god sesong i 5. divisjon så langt i år, og ligg berre 5 poeng bak Mathopen på 2. plass (1. og 2. plass rykker opp), med éin kamp mindre spelt.
Tre rundar sto igjen før dei i kveld skulle spela mot Austevoll, som allereie har vunne avdelinga, men heimelaget stilte ikkje til kamp.
– Eg blei kontakta av trenaren deira (Raymond Pedersen) torsdag, fortel Austevoll-trenar Trond Ludvigsen til Midtsiden.
– Han forklarte kvifor dei ikkje ville spela kampen. Det var ei fair forklaring, men den kan han få gi deg sjølv.
BA: – Ønskjer ikkje å rykka opp
«Absurd situasjon i lokalfotballen» skriv BA.no, som omtalte saka først.
Bergensavisen skriv at dei kjenner til at uløyste utfordringar med heimebanen ved eventuelt opprykk til 4. divisjon er årsaka, og at styret i Søfteland TIL er passiv i forhold til denne utfordringa.
Midtsiden har ikkje lykkast å nå verken Søfteland-trenaren eller styreleiar Øyvind Skorpen i kveld.
– Vi hadde møte om dette for nokre veker sidan, der alle uttalte seg anonymt. Dei fleste spelarane ønskjer å halda seg på dette nivået. På vårt beste er vi nok gode nok til å klara oss i 4. divisjon, men vi har mange i stallen som ikkje har tid til å delta på alle treningsøktene eller alle kampane, seier spelar Dani Bergstø.
– Det hadde vore gøy både å slå Austevoll og å rykka opp, men vi får heller håpa å koma i avdeling med nyopprykka Søre Neset neste sesong.
Øydelegg ikkje for andre
Søfteland har to kampar igjen. Dei går mot Mathopen, som kjempar om opprykk, og Vaksdal, som kjempar om å halda seg i divisjonen.
Sånn sett var Austevoll-kampen ein gunstig kamp å trekka seg frå, om du ikkje vil senda eit lag på banen som speler for å tapa. Den hadde ikkje noko å seia for andre enn laget som ikkje stilte.
Kampen mot Mathopen går på heimebane førstkomande fredag.