Sport | 23. apr. 2013

Søfteland har starta best

Alle dei tre sjettedivisjonslaga i Os har tatt poeng, men berre Søfteland har full pott etter dei to første rundane.

Søfteland har starta best
Søfteland kan jubla over ein god sesongstart. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 23. apr. 2013 21:50

Osbygda har framleis tre sjettedivisjonslag, etter at Lysekloster 2 rykte opp til 5. divisjon og Søre Neset rykte ned til 6. divisjon hausten 2012.

Søre Neset starta med internoppgjer mot Nore Neset, ein kamp som enda 1-1.

I andre runde, som var i helga, vann Nore Neset 3-0 over Skogsvåg.

Tabell, 6. divisjon avdeling 3

Søre Neset spelte borte mot Krabbetor og måtte nok ein gong dela poeng etter at det sto 1-1 då dommaren blåste av.

Søfteland med siger i dei to første

I mellomtida har Søfteland, som speler i ei anna avdeling, slått to lag som nyleg har spelt i 5. divisjon; Harding 4-1 i serieopninga og Eikelandsfjorden 4-2 på bortebane.

Tabell, 6. divisjon avdeling 4

– Vi har hatt ein god vinter og lagt stabilt på rundt 15 mann på trening, seier Kenneth Svenningsen.

Svenningsen overtok Søfteland før sesongen i fjor, og landa på 3. plass med laget sitt.

– Vi mista nokre gode spelarar til Søre Neset, men har også fått inn nokre gode ungdomar frå Os.

Søfteland leia 2-0 borte mot Eikelandsosen, men den spelande trenaren til det nye laget i Fusa, Stian Håvik, skåra to tette og utlikna.

– Håvik er nesten eit heilt lag i seg sjølv, skryter Svenningsen.

Men Søfteland-forsvaret fekk etter ein stund nokolunde has på lynraske Håvik, og tok med seg alle poenga heim.

Også Kalandseid og Tertnes 2 har 6 poeng etter dei to første rundane.

Tertnes 2 er Søfteland sin neste motstandar, i to kampar på rad (!), borte førstkomande fredag og heime neste.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.