Sport | 30. sep. 2014

Søfteland effektive

Søfteland slo Søre Neset/Nore Neset 4-3 laurdag. – Vi var effektive, det må vera lov det, seier Søfteland-trenar Raymond Pedersen.

Søfteland effektive
Søfteland var dødleg effektive på frispark (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretysdag 30. sep. 2014 13:34

Det blir ein rekordjamn innspurt i 6. divisjon avdeling 1, etter kampane som blei spelt i helga. Serieleiar Sædalen tapte 0-3 for Øystese, medan Søfteland klatra til andreplassen etter 4-3 sigeren over Søre Neset/Nore Neset. Dermed skil det berre to poeng dei fire laga imellom.

– Alle som såg kampen såg eit heimelag som brente mange sjanser.

– Samstundes er eg nøgd med det vi la ned. Vi fullførte det vi hadde planlagt og drar i same retning uansett kven vi har med oss til kamp, fortel Søfteland-trenar, Raymond Pedersen om sigeren.

Skult kamera?

Søre Neset/Nore Neset-trenar Kenneth Svenningsen legg ikkje skjul på at han var frustert etter kampen.

– Det var nesten så eg lurte på om det var nokon som køyrde "skjult kamera" på meg.

– Vi skyt i tverrliggeren og ned på streken, vi fomlar aleine med keeper og snublar i ballen.

– Eg er sikker på vi har over tjue 100% sjansar, medan dei har seks. Det var berre så eg venta på at nokon skulle hoppa ut av buskane og seie at eg var med på film, fortel Svenningsen.

Effektive på frispark

Søfteland går opp i leiinga 1-0 på frispark. Litt etter utlignar Søre Neset/Nore Neset til 1-1.

– Då tenkte eg at dette klarar vi, fortel Svenningsen.

I staden skårar igjen Søfteland på eit nytt frispark, omtrent ein kopi av det første målet.

– Vi sviktar bakover og lar Søftelandspelarar stå umarkert.

Heimelaget snur igjen kampen og går opp i leiing 3-2 etter at det har stått 2-2 til pause, men igjen viser Søfteland kor farlege dei er på dødball. 3-2 blir til 4-3.

– Ja, vi er effektive. Det må det vera lov til, kommenterar Pedersen, som nå har ballen i eigne hender.

Seriefinale i siste runde?

Søfteland tek imot Sædalen i siste serierunde, heime på Stilvoll. Før det har dei Ny-Krohnborg 2 (7. pl) på bortebane førstkommande laurdag. Søre Neset/Nore Neset på si side har igjen Samnanger (nest siste plass) på heimebane, før dei avsluttar mot Ny-Krohnborg 2, også det på heimebane.

– Det kan jo så ut som kampen mot Sædalen blir seriefinale. Ender den uavgjort kan både Søre Neset/Nore Neset og Øystese 2 gå forbi oss.

– Men, vinn vi ikkje kampen mot Ny-Krohnborg, så kan det vera at siste kampen ikkje betyr noko.

– Vi må berre ta ein kamp om gangen, avsluttar Raymond Pedersen.

Sjå den jamne tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.