Lokal | 03. feb. 2013

Snurra ut av vegen

Mista kontroll over bilen på E39 ved Svegatjørn. Blei ståande fast under brua mellom Steinsenteret og Bohus.

Snurra ut av vegen
Bilen blei hengande på hengerfeste og framre støtfangar etter uhellet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresundag 03. feb. 2013 17:23

Snøvêret sundag har, så langt Midtsiden kjenner til, ikkje skapt dei heilt store problema, men ein bilførar på Halhjemsvegen fekk ein litt ubehageleg oppleving då han mista kontrollen over bilen.

- Eg kom køyrande på E-39 då eg hekta i laussnøen og fekk snurr på bilen.

- Heldigvis kom det ingen i motsett køyrebane, men vi blei jo ståande fast, fortel bilføraren og peiker på bilen som står over grøfta ved siden av vegen.

E-39 skal ha vore dårleg brøytt då uhellet skjedde.

Ingen skadd

Ingen av dei tre i bilen blei skadd i uhellet. Heller ikkje bilen såg særleg skadd ut.

- No ventar vi på redningsbilen, så får vi sjå om han klarar å få oss opp på vegen igjen.

Medan Midtsiden var på staden kom redningsbilen, og ja, sjåføren rekna med at han skulle klare å løfte bilen oppatt på vegen.

E-39 kan bli stengd ei lita stund medan arbeidet pågår.

Det er dels vanskelege køyretilhøve på fleire vegar i Osbygda sundag ettermiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.