Næringsliv | 20. des. 2013

Snur i arealsaker

Jan Tore Sanner (H) tillet bygging på Moberg og Kuventræ. – Det betyr at Os har fått gjennomslag for våre ønskjer, seier ordførar Terje Søviknes (Frp).

Snur i arealsaker
Miljøverndepartementet har godkjent kommuneplanen for Moberg og Kuventræ (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 20. des. 2013 14:28

Ordførar Terje Søviknes (Frp) er ein glad mann siste fredag før jul.

– Her kjem gladmeldingane på løpande band.

– På veg frå byen etter å ha høyrd samferdselsministeren fortelje om regjeringa si avgjer om E-39 fekk eg telefon frå Miljøverndepartementet som sa at dei hadde vedtatt å godkjenne kommuneplanen for Os.

– Det betyr at vi har fått fullt gjennomslag for ungdomsboligprosjektet på Kuventræ og at Rune Fjellanger får moglegheiten til å realisera sin draum på Moberg, fortel Søviknes.

Noregs fremste kompetanse

Søviknes er glad for båe avgjera, men gler seg ekstra over at Fjellanger kan få byggja sitt senter.

– Rune og Fjellanger hundeskule er ei kompentasebedrift som er heilt i leiinga i Noreg, om ikkje verda når det kjem til trening av hundar.

– Det arbeidet dei gjer med alt frå bombe- og minehundar til hundar som kan lukta kreft er imponerande.

– At han no kan få byggja eit kompetansesenter med overnattingsmoglegheiter for hundane og hundeførarane ønskjer eg velkomen.

– Det kan bli eit kjempeflott anlegg, seier Søviknes.

Utanfor kjerneområdet for landbruk

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) har signert vedtaket frå Miljøverndepartementet etter at landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) 19. november tilrådde at ein ikkje skulle støtta motsegna som var komen frå Statens landbruksforvaltning.

Tidligare i haust gjennomførte departementet saman med Landbruks- og matdepartementet, Fylkesmannen i Hordaland, Statens landbruksforvaltning, Os kommune og grunneigarane ei synfaring i dei to aktuelle områda.

På bakgrunn av synfaringa og etter å ha vurdert saka kjem departementet fram til at dei to områda på Moberg og Kuventræ ligg utanfor kjerneområde for landbruk og at ein difor kan godkjenna kommuneplanen slik den ligg føre.

– Dette viser at lokaldemokratiet har fått gjennomslag, avsluttar Terje Søviknes.

I grunngjevinga for å godkjenne kommunal

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.