Snudde kampen
Søre Neset Volleyball gjekk frå 20-25 i første sett til tre strake set-sigrar og to nye poeng då dei slo Kvernbit borte torsdag.
Søre Neset fekk ein flying start då dei serieopna mot BSI 3 på heimebane måndag. Torsdag var det duka for ny kamp, denne gongen borte på Frekhaug i Nordhordaland. Motstandar Kvernbit, som er eitt av laga Søre Neset kjem til å kjempa om opprykk mot.
– Kampen starta skitdårleg. Eg var hissig som ei fele på sidelinja. Det var berre rot og tull i det første settet, fortel trenar Morten Erikssen.
Ferskingane imponerte
Ut tok han tre av dei mest røynde spelarane sine og inn satte han dei tre relativt ferske spelarane Vibeke Thuen, Jeanett Strandenes og Rebekka Bjørnarøy.
– Dei snudde kampen.
– Innsatsen og ståpå-vilja var upåklageleg og vi utligna til 1-1 etter å ha vunne settet 27-25.
Måtte kjempa
Dei to siste setta vann Søre Neset 25-17.
– Sjølv om vi vann komfortabelt var vi aldri trygge.
– Kvernbit er eit godt lag, og vi måtte kjempa heile vegen inn, ellers så hadde dei nok tatt oss at.
– Spesielt kaptein Karina Nilsen og Otelie Tuft sto fram som einarar utover i kampen. Dei spelte alle fire setta, speler feilfritt og er kampens to store spelarar, skryt Erikssen.
Etter 3-1 sigeren har Søre Neset kome særs godt igang i årets 3. divisjon.
– Kjekt var det at våre tre supportarar var i overtal på tribunen òg.
– No håpar vi på godt med folk når vi tek imot Hordvik heime måndag 4. november, avsluttar volleyball-trenaren.