Snudde kampen
Handballdamene til Os Turn slo Sotra 23-19 etter å ha lagt under 3-9 i starten av kampen. - Vi var aldri urolege, seier trenaren.
Sundag ettermiddag tok Osdamene turen til Bildøyhallen for å møta eit Sotra-lag som kjempar for å halde seg over nedrykksstreken.
- Vi visste vi kom til å møta eit hardtkjempande lag, men vi visste òg at det var eit lag vi burde slå, sier hovudtrenar Erlend Lyssand.
Held roen
Lyssand og damene fekk den verst tenkelege starten på kampen og hamna fort seks mål bak då Sotra gjekk opp i 9-3-leiing.
- Vi held på roen, spelar vårt spill og gjer det vi øvar på på trening.
- Etterkvart åt vi oss innpå. Til pause har vi redusert til 7-9, fortel Lyssand.
Godt trente
I andre omgangen held Os fram med å kjempa seg inn i kampen og går etterkvart forbi heimelaget.
- Jentene kjempar og jobbar saman som eit lag.
- Dei er lojale mot det vi avtalar og står godt saman.
- Jentene er så godt trente at eg var aldri uroleg for at vi ikkje skulle klare å dra sigeren i land, sjølv om vi låg bak, skryt Lyssand.
Vibeke og Marte på topp
Av enkeltspelarar dreg Lyssand fram keeper Vibeke Ingebrigtsen og forsvarskjempe Marte Øvreeide.
- Vibeke står like godt som ho har gjort heile sesongen.
- Marte gjer ein praktkamp i forsvar og dreg dei andre jentene med seg. I tillegg skårar ho seks mål framover.
Ei god helg
Med sigeren over Sotra befesta Os posisjonen som lag nummer to i damene sin andre divisjon, bak ubesigra Jotun.
Også andrelaget har kome i flyten og slo serieleiar Voss på heimebane førre helg.
- Dei følgte opp denne helga og tok to viktige poeng mot Gloppen då dei vann 30-28.
- Du kan trygt seia det har vore ei god helg, avsluttar Erlend Lyssand med eit smil.
Sigeren mot Gloppen var eit viktig steg mot å sikra seg fortsatt plass i 3. divisjon for andre laget. Dei ligg no på 5. plass, sju poeng over nedtrykksstreken, men berre to poeng over kvalifiseringsplassen.