Lokal | 25. mars 2013
Snokte i hagane
Ukjente snokte i hagane og kikka inn vindauga i Lekvenmarka. Politiet ber om tips og observasjonar av mørk stasjonsvogn med gule skilt.
Andris Hamremåndag 25. mars 2013 09:18
Politiet fekk sundag melding om ukjende som dreiv å snokte rundt i hagane i Lekvenmarka.
- Dei skal òg ha kikka inn vindauga til folk, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Personane skal ha kome i ein større svart stasjonsvogn med gule skilt.
- Bilen er beskriven som sort med sota ruter, takrails og grøftelys.
- Om det er fleire som har sett denne, og gjerne fått tatt registreringsnummeret, ber vi dei melda i frå, avsluttar Sperrevik.
Lensmannskontoret treff du på 56 30 39 00 eller 480 02 480.