– Snittet er nok høgare enn det ser ut som
Os Gymnas er utan venteliste, men søkjarane har nok høgare snitt enn det ser ut som i avisene i Bergen si framstilling av saka.
Tysdag var det tildeling av skuleplass til søkjarar til vidaregåande skular i Hordaland.
– I Os vil eg tru at gymnaset ville ønskt seg fleire søkarar, seier Nils Skavhellen ved inntakskontoret i Hordaland fylkeskommune.
Alle som søkte Os Gymnas kom inn.
– Det er rett, stadfestar rektor Trond Eikeland, som er på ferie og førebels ikkje har fleire kommentarar til Midtsiden sin artikkel tysdag.
– Men eg har ein kommentar til korleis Bergens Tidende presenterte inntaket, legg han til.
Feil 15. plass?
BT.no fortalte om stor søkjarmengde til den nye skulen, Amalie Skram, der du må ha minst 48 karakterpoeng (4,8 i snitt) for å koma inn.
Samtidig viste dei heile lista på denne måten:
1. Amalie Skram vgs: 48,00 karakterpoeng
2. Bergen Katedralskole: 47,50
3. Langhaugen vgs: 44,40
4. Sotra vgs. 44,10
5. Knarvik vgs. 43,80
6. Nordahl Grieg vgs: 43,50
7. Olsvikåsen vgs: 42,50
8. Tertnes vgs: 42,40
9. Garnes vgs: 41,90
10. Sandsli vgs: 41,20
11. Fana Gymnas, Fyllingsdalen vgs og U.Pihl vgs: 40,00
12. Laksevåg vgs: 38,80
13. Askøy vgs: 38,70
14. Osterøy vgs: 31,80
15. Os gymnas: alle kom inn
– For dei som ikkje er vant med å lesa tal kan det her sjå ut som om vi ligg under 3,1 i snitt på dei siste som er tatt inn. Her burde journalisten i staden for å ta Os Gymnas inn i rangeringa skriva at sidan alle kom inn kan det ikkje presenterast noko snitt.
Os Gymnas hadde 84 søkjarar til 87 plassar. Av desse var det 67 primæærsøkjarar (søkjarar med Os Gymnas som førsteval).
– Vårt snitt har eg ikkje rekna på i ferien, men i verste fall kan vi ha 67 søkjarar med 5 i snitt, og likevel hamna på 15. plass på BT.no.
– Vi vil nok landa på mellom 75 og 80 søkjarar som takkar ja til plass, og ta inn elevar med mellom 35 og 40 inntakspoeng i snitt. Dei flinkeste har 55 inntakspoeng og ville kome inn på alle skular i Hordaland.