Snille bamsar og fæle monstre
På Bygdekinoen sundag 18. mai kjem filmane Bamse - Tyvenes by og Godzilla.
Klarer Bamse å redde Farmor frå kidnapparane? Og er det nokon som kan stoppe Godzilla frå å utrydda alt på sin veg? Det får du svar på om du tar turen til Oseana og bygdekino sundag.
Bamse - Tyvenes by
Dunderhonning er det som gjer Bamse sterk, og den er laga av Farmor. Difor bestemmer Reinart og tjuvane seg for å kidnappe henne. Ingen dunderhonning, ingen sterk Bamse, og dermed fritt fram for å vera slem.
Reinart gjennomfører planen, og no må Farmor reddast. Ilag med Skallmann og Lille Hopp, men utan dunderhonning, tek Bamse seg gjennom Trollskogen, forbi borga til trolla, gjennom fjellet og fram til Tyvenes by.
Samtidig fin Katten Jansson og Husmusa ei gjengløymd krukke med dunderhonning. Saman med Nalle-Maja, Bamse si dotter, legg dei iveg for å gje han den siste dunderhonningkrukka som kan hjelpe han å redde Farmor.
Bamse og Tyvenes by - ein eventyrfilm om vennskap og om kor lett det er å verta slem dersom ein ikkje får vera med.
Filmen startar klokka 16.00 og er tillaten for alle.
Godzilla
Katastrofefilmen med Bryan Cranston er den største Godzilla-filmen nokon sinne. Verdas mest kjende monster er tilbake.
Jorda vert stilt ovanfor ondskapsfulle skapningar som trugar menneska sin eksistens. Motstanderen utgjer ein trussel større enn nokon noen sivilisasjon tidligare har opplevd. Eit radioaktivt, livsfarleg monster utryddar alt på sin veg når det hensynslaust trampar ned alt som menneska har skapt. Men menneska nektar å lata seg utrydda.
Monstrenes monster er tilbake på det store lerretet - i det spektakulære filmeventyret og gjenføding av Tohos ikoniske Godzilla.
I rollene møter me Elizabeth Olsen, Bryan Cranston, Aaron Taylor-Johnson, Juliette Binoche og Ken Watanabe.
Filmen startar klokka 19.00 og har 11 års aldersgrense.