Snikpremiere i nyehallen
Kven skal trena i den nye hallen - og kven fekk første økt?
Onsdag i førre veke overtok Os kommune dennye dobbelhallen på Kuventræ.
• Sjå bildeserie frå innsida av hallen
Onsdag 6. juni blei treningstidene i hallane i Os fordelt.
Lista viser at desse er blant dei som skal trena i dei tre hallane på Kuventræ:
Os Karateklubb
Os Taekwon-do klubb
Os Roklubb
Søre Neset Volleyball
Os Turn trampett
Os Cheerleading
Os Turn friidrett
Os brannvesen
Os Basketballklubb
Søre Neset volleyball
Lysekloster handball
Os Turn handball.
• Sjå tildeling med treningstider* i hall 1 (gamle Oshallen), hall 2 og hall 3 her (PDF, oskommune.no).
* Kvar idrett tilpassar sine eigne treningstider internt, sjekk med eigen klubb kor tid kvar aldersgruppe skal trena!
Hallen opnar for organisert trening onsdag om to dagar, men fredag fekk ein annan gjeng vera dei første som hadde ei organisert treningsøkt i hallen.
Friidrettsskule på flukt frå regnet
Os Turn si friidrettsgruppe hadde i førre veke eigen idrettsskule for tredje år på rad.
– Vi har hatt heile 61 ungar i aktivitet i tre dagar, fortel Åge Gulbrandsøy.
Det første året var det rundt 70 deltakarar, i fjor var dei nede i 30. Det året var idrettsskulen same veke som ulike fotballskular.
Friidrettsskulen er eit aktivitetstilbod for ungar i barneskulealder veka før skulestart, og deltakarane har prøvd seg på ulike idrettar.
– Vi har hatt basis friidrettsøvingar, spelt golf og hatt mykje leik. 13 av våre unge utøvarar har vore med som instruktørar, og vi har hatt Lerøy inne og sponsa mat kvar dag.
– Ungane har ete både sushi, laks og fiskeburger, og var imponerande glade i å eta fisk. Det var berre halvparten som våga å eta sushi, dei andre åt brødmat, men laks og fiskeburger gjekk ned på høgkant hos dei aller fleste.
Friidrettsskulen blei arrangert i ei veke med ein del regn. Fredag formiddag blei treninga gjennomført i Oshallen, etter lunsj fekk dei lov, som første gruppe, å trena i den nye dobbelhallen.
Deltakarane var delte i seks grupper, med to leiarar på kvar gruppe, for å avslutta idrettsskulen med ulike sports- og leikeaktivitetar.