Lokal | 14. feb. 2016
Snekke under vatn
Brannvesenet melder om ei sokken snekke på Drange. Dei er no på staden.
Cathrin Valestrandsundag 14. feb. 2016 12:54
Varabrannsjef Arne Monsen fortel at brannvesenet er nettopp komen ut i Drangsvågen.
– Det er ein 30 fots båt som er gått ned i vågen her. Den ligg på omlag fire meters djupne, og den har kring 300 liter diesel ombord.
– Vi legg ut lenser og freistar å demma opp for eit evtentuelt oljesøl, seier Monsen.
Oppdatert: kl 13.04 melder brannveset på Twitter om lekkasje av olje og diesel.
Ca kl. 13.15 oppdaterer brannvesenet med at kranbåt er rekvirert for å heva snekka, og at brannvesenet vil bistå med dykkar.