Snart klare for overtaking
18. juli er det overtaking av trinn éin i Os Sjøfont. Den første leilegheita er ferdig, vi har vore på omvising.
Det er ikkje mange månadane igjen til dei første eigarane av husværa i Os Sjøfront flyttar inn. Midtsiden fekk vera med inn i visningsleilegheita som er ferdig innreia og innflyttingsklar.
-Dei første skal etter planen overta husværa 18. juli, seier assisterande anleggsleiar frå Veidekke, Tor Jacobsen.
Ventar på promenaden
Søndag 22. april hadde Stor Bergen Boligbyggerlag, som sel dei 86 husværa i Os sjøfront, visning på den ferdige leiligheita. I løpet av timane dei hadde ope var det ein straum av nysgjerrige som ville sjå korleis det blir sjåande ut ved fjorden.
Fleire av dei Midtsiden snakka med meinte det såg lovande ut. Spesielt gav mange uttrykk for at dei gler seg til brygga framfor husa blir ferdige slik at det går an å gå langs sjøen frå sentrum til Mobergsvika.
- Den blir veldig bra når vi blir ferdige. Mellom anna kjem det fleire båtplassar både for dei buande og for gjestar.
- Mellom husa blir det parkanlegg med grøne lunger, fortalde Jacobsen medan han viser oss rundt.
66 selt
Til no er det selt 66 leiligheitar, 13 i bygg H (nærmast Oseana), 21 i bygg I, 13 i bygg J og 19 i bygg K (nærmast sentrum).
Det er husværa i dei to ytste bygga som skal vera ferdige i år. Byggetrinn to som omfattar dei to inste blokkane (J og K) skal stå ferdige i 2013.