Snart kan du ikkje bruke desse
Har du dei gamle 100- og 200-lappane liggande i madrassen? Då er det på tide å ta dei med til banken.
30. mai er ikkje lengre dei gamle 100- og 200-kronesedlane gyldig betalingsmiddel.
Har du slik liggande på sparebøssa eller på ein lur plass må du anten bruke dei eller veksle dei inn før 30. mai.
– Noregs bank tilrår at du bruker dine gamle sedler eller setter dei inn på bankkonto før 30.mai, skriv dei i ei pressemelding.
Alt håp er ikkje ute
I pressemeldinga kjem det fram at fleire bankar og butikker framleis vil kunne akseptera dei gamle sedlane også etter 30. mai, men det er berre Noregs Bank som er pliktige til å ta i mot dei etter den datoen.
– Du har to alternativ etter denne datoen for å veksle inn gamle 100- og 200-kronersedler. Du kan sette dei inn på konto ved å fylle ut eit skjema og sende det og sedlane til Noregs Bank Kontante betalingsmidler, postboks 1179, Sentrum, 0107 Oslo.
Du kan også henvende deg til Noregs Bank sitt depot i Bradbenken 1 i Bergen for å få veksla dei til nye sedlar der. Vær obs på at dei ikkje vekslar beløp over 10.000 kroner til nye sedlar.
Det er snart eitt år sidan dei nye 100- og 200-kronesedlane blei satt i sirkulasjon.