Næringsliv | 09. nov. 2013

Smio har skifta eigar

– Det er eit spennande bygg med flott plassering, seier kjøpar.

Smio har skifta eigar
Nærings- pg bustadbygget i Smiebakken er selt til Hodneland Berland Eiendom AS. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 09. nov. 2013 09:25

Næringsbygget ved Kiwi Haugsneset, Smio i Smiebakken, er selt.

Kjøpar er Hodneland Berland Eiendom AS. Selskapet eig frå før næringsbygget Hondeland Bygginnredning AS flytta inn i på Kloppamyra ved Ulvenvegen nær Irgenskrysset i 2008.

– Dette er den første eigedomen vi kjøper etter nybygget vårt, bortsett frå ei tomt på Kloppamyra, fortel Egil Hodneland.

Næring og bustadar

Bygningen i Smiebakken inneheld rundt 200 kvadratmeter næringslokale i første etasje, to store husvære i andre etasje og ein leilegheit i tredje etasje.

– Det er utleige i tredje etasje, resten står tomt.

– Vi vil no rusta opp heile eigedomen, inne og ute. Tomta, som er på cirka 1,2 mål, får godt med parkering, ikkje minst på baksida, der vi vil grava vekk ein del.

Eit lite løft for Os?

Hodneland og Berland Eigedom har ikkje plan om å bruka bygget sjølv.

– Vi kjøpte fordi det er ein spennande eigedom i eit flott område, eit område som blir endå meir livleg etterkvart som nye bustadprosjekt blir realisert.

Solsio er under bygging, Prosjekt Oselvo får truleg byggestart neste år.

– Smio er solrik og nær sentrum, og næringsarealet er allsidig, her kan det koma alt frå butikk til kontor, det vil tida visa, seier Egil Hodneland.

– Saman med alt det andre som skjer i og rundt sentrumskjerna hadde det vore kjekt om ei vidareutvikling av Smio kunne vore eit lite bidrag til å gje Os eit løft.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.