Smart patent i Os Idrettspark
For at friidrett og fotball skal kunna trena samtidig skal banen lukkast med mobilt gjerde. No er dei første 80 meterane på plass.
Før opninga av nye Os Idrettspark i september i fjor sa prosjektleiar Tor Inge Døsen at det blei jobba med ein idé om eit mobilt gjerde for å auka brukstida på fotballbanen.
Friidrettsutøvarane skal sleppa å få ballar trillande inn i løpebanen, om dei for eksempel trener 100 meter eller hekkeløp kan dette vera både irriterande og farleg. I haust har dei hatt to kveldar for seg sjølv, det dei har vore garantert null spel på banen.
Samtidig er det knapp kapasitet i fleire klubbar i bygda, ikkje minst i Os Fotball, som har over 700 medlemmar. Os brukte den tidlegare grasbanen mykje med dei yngre laga etter at A-laget blei flytta til kunstgras.
Tida der banen står ubrukt to av dei fire viktigaste treningskveldane i veka ser snart ut til å vera over.
– Heile banen skal få gjerde rundt
Dei første gjerdestolpane kom til Kuventræ i starten på veka. I går var nota hengt opp.
– Vi kjenner ikke til at dette er gjort nokon annan stad. Først drøfta vi å bygga feste ned i anlegget, men så kom Døsen med ideen om å bruka bildekk. No kan gjerdet enkelt flyttast inn på banen så friidretten får tryggleikssone under stemne, eller ut i løpebanen om det skal vera kamp på fotballbanen, seier Bård Alfstad.
Alfstad er dagleg leiar i Osbadet KF og leiar for Os Idrettspark. Dei 2,5 meter høge stengene er produsert hos Alutec, betongen er også kortreist, med bil frå Brødrene Borgen. Produksjon og montering har Os Idrettspark tatt sjølv.
– Dette er prototypen, desse 80 meterane skal stå ei stund så vi får sjå om dei tåler vind og at dei fungerer som dei skal før vi produserer resten.
– Heile banen skal få gjerde rundt, dette er 10 av i alt 40 planlagte stolpar, banen skal lukkast, med unntak av eit par inngangar.
Målet er å ha gjerde rundt heile banen til rundt påske.
Søknadsfrist i dag
Det er Os idrettsråd som tar imot søknadar om treningstid på anlegget, og som kjem med innstilling til kultureininga for endeleg avgjerd om kven som får bruka fotballbanen og friidrettsanlegget til kva tid.
– Søknadsfrist er i dag. Vi har fått inn eit par søknadar og ventar inn eit par til, seier idrettskonsulent og kommunen sin representant i idrettsrådet, Tom Leonsen.
Han gler seg over at gjerdeproduksjonen er i gang og håper det fungerer som det skal.
Må likevel ta omsyn
– Sjølv om gjerdet kjem på plass så er det viktig at det, i tidspunkt der friidretten har trening, blir tatt omsyn. Det bør vera dei yngre spelarane som trener og eventuelle skot på mål bør skje i lengderetning på banen, der gjerda er høgast, seier Leonsen.
– Det må òg vera eit system på kvar spelarane entrar banen, at ikkje det vrimlar ungar på heile friidrettsanlegget på veg til og frå fotballtrening. Men dette reknar vi med at fotballen og friidretten tar ein prat om og kommuniserer grundig ut til sine spelarar og foreldre.
Ser lyset
Alfstad opplever auka bruk av heile anlegget etter opning i september.
– I helga har vi hatt både Nore Neset, Bjarg og Lysekloster på trening her. Dei har trent på banen, brukt møterommet vårt og vore i bassenget saman, som del av eit treningsopplegg med sosialt samvær.
– Vi ser òg at det er mange uorganiserte som har glede av løpebanen, og det er veldig kjekt. No har vi fått automatisk styring av flaumlyset, sånn at det slår seg av til éi tid i kvardagen og noko tidlegare laurdag og søndag. Då unngår vi unødvendig straumbruk om nokon gløymer å sløkka lyset, og like viktig; vi får lys til alle som vil bruka anlegget utover kvelden.
– Målet er at flest mogleg, uansett klubb, også uorganiserte, skal kunna bruka mest mogleg av anlegget heile året, seier Alfstad.