Lokal | 14. juni 2010

Små og store i 20 år

Små og store saman, utan skilje mellom avdelingar, er noko av det som er spesielt med Varhaug Barnehage, som fredag feira 20-årsdagen sin.

Små og store i 20 år
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 14. juni 2010 14:01

- «Skal dette blir den nye barnehagen vår? Då må vi jo gå med regnklede kvar dag» sa ein liten gut eg hadde med meg då vi for 20 år sidan såg på gravearbeidet på tomta. Det var ein regntung dag på ei tomt som den gong var eit stort, vått jordhol, fortalte dagleg leiar Tone Fjeldstad på bursdagsfesten fredag.

Det er 20 år sidan Varhaug Barnehage flytta frå ein busdadsbygning i Nedre Varåsen til tomta i Industrivegen. Sjølv om guten frykta mykje regn, og det regna på festen fredag, er klimaet ikkje så verst inntil Varafjellet.

- Vi har vore heldige, tomta er spennande, kupert, nær fin natur og veldig lun vinter og sommar.

Sjeldan blanding
Før barnehagen blei flytta var kapasiteten på 11 ungar. Barnehagen, som framleis er foreldreeigd, ville vidareføra det som var positivt med å driva lite.

- Noko av det som er spesielt med Varhaug, og som andre i fagmiljøet har kome for å sjå på eller bestilt foredrag om, er at vi ikkje har avdelingar. Ungar har basar der dei et og har tinga sine, men både for ungane og oss tilsette er det ope mellom basane.

Årsaka til at eigarane, altså foreldra, vil ha det sånn, er blant anna at søsken kan vera saman.

- Mange synes det er unaturleg å levera søskenpar inn kvar si dør, og at dei knapt skal sjå kvarandre i løpet av ein heil dag. Å ha storebror eller storesøster i nærleiken kan gjera starten for ein eittåring mykje betre.

- Vi har alle aldrar på alle basar, noko som også gjorde at vi bygde om den nye barnehagebygningen før vi tok den i bruk. Bygningen kom som ein ferdigpakke, derfor venta vi til den var ferdig før vi lagde stellerom til kvar base og slo alle inngangane saman til éin, fortel Fjeldstad.

Engasjerte eigarar
I starten i ny barnehagebygning var foreldra veldig engasjerte, og kom med alt frå strykebrett til leikar som barnehagen kunne få.

- Det var vanskelegare driftsvilkår for 20 år sidan, noko som gjorde at vi etablerte ei nøktern drift. Det har vi enno, vi bruker ikkje pengar vi ikkje har. Samstundes har vi ingen eigarar som sit og ventar på stor profitt, alt overskot blir verande i barnehagen, og går til for eksempel utbetringar av den typen uteområdet nyleg har fått.

Kunstgrasbane kom på plass i haust, det gjorde også «playtop», eit asfaltliknande, men mjukt dekke under klatrestativet.

- Foreldra er framleis engasjerte, og er ikkje vanskelege til å be om verken styreverv eller dugnad. Styret lagde saman med ein eigen festkomité ein flott fest for ungane. Det formelle blei bytta ut med det litt magiske, ungane kom til ein forvandla barnehage med grilltelt, musikk, fiskedam og stor oppblåsbar rutsjebane. Festen skulle vera ungane og barnehagen sin dag, og det blei den!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.