Små lærer store
Fredag morgon sto førskulebarna i Os barnehage langs skulevegen til gymnaset og delte ut refleksar til ungdomane. - Det er viktig å bli sett!
Os barnehage har det siste året opplevd fleire farlege episodar i området rundt Rema 1000, barnehagen og gymnaset.
- Vi vil setja fokus på trafikk og trafikktryggleik, så denne veka har vi hatt reflekskampanje i barnehagen, fortel Elisabeth Nordstrand.
Dei forskjellege avdelingane har på kvar sin måte jobba med temaet. Mellom anna fekk 140 barn besøk frå tre politimenn frå lensmannskontoret som fortalde om kva politiet gjer og kvifor det er viktig med refleks.
- Det var stor stas, og då politiet kom her med blålys og sirener for å dela ut reflekser sto jubelen i taket.
Refleksløype for foreldra
Eit av tiltaka var å henga opp reflekser rundt på uteområdet før ungane kom i barnehagen på morgonen.
- Så hadde vi oppfordra foreldra å ta med lommelykt og leita etter refleksane saman med ungane.
- Ein umiddelbar effekt vi ser av kampanja er at også foreldra har blitt flinkare til å bruka både refleksarmbånd og refleksvestar når dei leverer og hentar borna, smiler Nordstrand.
For å hjelpa foreldra til å bli endå flinkare til å tenka på refleks har barnehagen lagt ut informasjonsmateriell og lenkar til aktuelle sider på barnehagen si heimeside.
Godt mottatt
Fredag morgon hadde førskulebarna delt seg i to grupper. Ei gruppe sto utanfor barnhagen og tok imot gymnasiastane som kom frå bussen ved Rema 1000.
Den andre gruppa sto utanfor inngangen til gymnaset for å ta vare på dei elevane som kom andre vegen eller i bil.
- Dette er jo kjempebra, var ein reaksjon som gjekk igjen då elevane fekk gåva frå dei unge trafikkbevisste borna.
- Dette er første gongen vi gjer noko slik, men du skal ikkje sjå bort fra at vi kjem til å gjenta det, avsluttar Elisabeth Nordstrand, som er takksam for alle verksemdene som har bidrege med refleksar til kampanjen.