Lokal | 24. okt. 2013

Slutt på sommartid

Natt til søndag skal vi stilla klokka.

Slutt på sommartid
Os hamn 30. september. Ny gjestebrygge kom på plass ved Oseana og Os Sjøfront på seinsommaren. Den blir truleg lite brukt fram til vi har stilt klokka til sommartid igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. okt. 2013 09:21

Hausten er over oss med regn og mørke kveldar, og snart skal kveldane bli endå mørkare.

Natt til søndag 27. oktober skal klokka stillast tilbake frå klokka 03.00 til 02.00.

Dei som er på nattklubb kan med andre ord snu i døra når det nærmar seg stengetid, og ta seg ein time til, om dei meiner det er forsvarleg.

Tidsminister Mæland

Som ansvarlig statsråd for Justervesenet, har nybakt næringsminister Monica Mæland (H) full kontroll på nøyaktig tid. Klokka blir drive frå Justervesenets atomur, som har ein usikkerheit på cirka ± 0,1 mikrosekund.

– Sommertid blei innført i ei rekke land i Europa i 1916. På denne måten fekk vi lys ein time lengre om sommaren.

– Sånn kunne vi spara litt energi. Argumentet energisparing er ikkje så viktig lenger, i våre dagar, men vi liker lange lyse kveldar, seier nærings- og tidsminister i ei pressemelding frå nærings- og handelsdepartementet.

Fleire land utan sommartid

I Europa var Island lenge åleine om ikkje å justera klokka til sommartid, men i 2011 gjekk også Russland vekk frå ordninga. Også Kviterussland og Ukraina har droppa justeringa av klokka.

I USA og Canada er sommartida utvida med fleire veker.

I Noreg har vi hatt sommartid ulike år og kvart år sidan 1980.

Tidspunkta for skifte mellom normaltid og sommartid er felles for landa i EØS-området og blir bestemt av EU-kommisjonen.

Klokka skal stillast til sommartid igjen natt til den siste søndagen i mars 2014.

Les meir om sommartid på Wikipedia.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.