Sløkte eld i Ervikane
Brannvesenet gav pålegg om sløkking av tre bål og to grillar i Ervikane i dag. – Går det gale kan det venta både bøter og strengare straff, åtvarar brannsjefen.
– Eg vil oppmoda alle om å ta ei grundig risikovurdering før dei tenner på, seier brannsjef Stein Gjøsund.
Fredag i 12-tida fekk dei melding om fleire tilfelle av bålbrenning i Ervikane.
– Folk var urolege og vi rykte ut. Der gav vi pålegg om sløkking av tre bål og to grillar, fortel han.
– Kan lett spre seg
Det var blant anna eit bål eit godt stykke opp mot skogen.
– Dei som var det viste forståing for situasjonen. Om det hadde kome eit vindkast, eller om ein unge hadde slått i bålet med ein pinne, kunne bålet lett ha spreidd seg til eit tre i nærleiken og vidare i den tørre vegetasjonen.
Det har vore ei rekkje gras- og skogbrannar i Hordaland dei siste vekene.
Totalforbod i Os?
– Men det er ikkje totalforbod mot open eld i Os?
– Det er er gått ut med fleire åtvaringar i heile fylket og i Bergen er det totalforbod. Grunna formuleringa i loven, som eg finn som noko vag, har eg ikkje gått ut med totalforbod.
– Men det er rikeleg med reglar og forskrifter som gjev heimel for straffeforfølging anten det er forbod eller ikkje.
Det er berre rett over to veker til årets sommar-forbod mot open eld i utmark tar til, altså 15. april.
– Så tørt som det er no må folk uansett vera svært varsame. Ein liten grill heilt nede i fjøresteinane bør gå bra, men folk må tenkja seg nøye om før dei tenner i og sørgja for å sløkja skikkeleg før dei går.