- Sløkk eller svøm!
SJÅ VIDEO: Brannvesenet og Redningsselskapet kom med gode tips til tryggleik om bord under Båtens Beste si messe i Askvik.
Båtens Helg, Båtens Beste si minimesse, hadde tryggleik som tema siste helga før jul.
Medan andre gjorde klar siste adventslys tok eit knippe båtfolk turen til Askvik for å kjøpa båt og utstyr, kjøra med Elias og sjå Os brannvesen og Redningsselskapet demonstrera sløkking av båtbrann.
SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN
- Dette blei ei endå betre messe enn den vi hadde før jul i fjor. Ikkje berre var salet godt, men innhaldet og den fine demonstrasjonen var det nok mange som sette pris på, seier dagleg leiar hos Båtens Beste, Jonathan Dyrstad.
Fin presang
Fleire kan nok venta seg å få båtuststyr og redningsdrakt til jul, i tillegg kom det innom ein som kjøpte ein fin presang til seg sjølv.
- Vi selte ein Askeladden C62 til rundt 400.000 kroner, og fem andre reiste heim med tilbod på ulike båtar, fortel Dyrstad.
At brannvesenet nok hadde nok håpa på endå større publikum ser han ikkje vekk frå.
- Dei har sagt at dei vil koma tilbake ein gong, kanskje får vi til noko liknande på forsommaren neste år.
SJÅ VIDEO (ca 6 min.): Her kan du sjå delar av demonstrasjonen, der brannsjef Stein Gjøsund etter ei stund tømte sprit i båten for å få fart på flammane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)