Fotball | 16. mai 2019

Slo Stord på heimebane

– Vi tar stadig nye steg, seier Ruben Hetlevik etter kveldens siger.

Slo Stord på heimebane
Lysekloster fekk ein kamp å jubla over. (Arkivbilde frå treningskamp mot Brann 2 i vinter, foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. mai 2019 21:07

Lysekloster spelte i dag heime mot Stord, som starta serien med siger i 3 av dei 4 første kampane.

Heimelaget opna best og leia 2-0 etter 28 minutt.

– Stord har imponert meg, både med tidlegare resultat og i dag. Men i første omgang føler eg at vi køyrer over dei, seier ein nøgd Lysekloster-trenar etter kamp.

1-0 kom på corner, 2-0 på frispark.

– Vi skaper nok sjansar til å skåra fire mål før pause, legg han til.

Lysekloster - Stord 2-1 (2-0)
Målskårarar, Lysekloster: Damian Kamil Garbacik (13.) og Alonso Sanchez Gonzalez (28.)
Kampfakta på fotball.no

Hetlevik seier Stord viste glimt av bra spel i første omgang, og kom meir med i kampen etter pause.

Gjestane reduserte til 2-1 i 74. minutt.

– Det var ein sterk soloprestasjon av Jonas Tungeland, som drar seg forbi to av våre og kliner ballen i vinkelen.

– Det er naturlegvis alltid spennande å leia med eitt mål, og dei blei lagt til fem minutt, men eg føler vi har god kontroll, og forsvaret gjorde ein solid jobb i dag.

Lysekloster får nok ein styrkeprøve i neste runde, i bortekamp mot Vard Haugesund.

• Terminliste og tabell på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.