Lokal | 06. okt. 2011

Slo storalarm

Politi, brannvesen og ambulanse rykte mannsterke ut på melding om delvis søkkt båt i Bjørnefjorden.

Andris Hamretorsdag 06. okt. 2011 11:43

Då politiet fekk melding om ein delvis søkkt båt ved Ferstadneset slo dei full alarm og rykte ut saman med brannvesenet og ambulanse.

Det var huseigar på neset som varsla om at ein båt låg i vasskorpa inntil moloen hans.

– Ut frå kjennskap til eigar er aksjonen avblåst, seier politibetjent Kenneth Rastad.

Ingen er meldt sakna, men Os brann- og redningsteneste har hatt dykkarar i sjøen på kort søk.

Slept til Halhjem i går

Båten er ein av fleire som lenge har lagt ved gjestebrygga i Os sentrum. Politiet kjenner til at den onsdag blei slept til Halhjem og at det blei gjort noko arbeid på båten.

Korleis den har tatt seg til Ferstad, utan motor, på kvelden eller natt til torsdag er uvisst.

Blir tatt hand om

Båten blir no handtert som avfall.

– I første omgang så sikrar vi den mot å reka ut på sjøen igjen, og mot å søkkja. Så får tida visa korleis den blir tatt hand om vidare, seier varabransjef Arne Monsen.

Politiet seier dei vil i dialog med eigar for å diskutera fjerning av båten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.