Slo seg gjennom veggen
Natt til måndag har innbrotstjuvar slått seg gjennom veggen til Joker på Søfteland. Ungdomar er observert.
Innbrotet skal ha funne stad i to-tida natt til måndag.
- Dei har slått seg veg gjennom veggen på butikken, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor.
Det er førebels uklart kva tjuvane har tatt med seg frå butikken.
- Det blei observert ein ungdomsgjeng bærande på ei slegge i fem-seks-tida i morges.
- Vi vil sjekke desse nærmare opp mot innbrotet, fortel Sperrevik.
Røyk uten eld
Resten av helga har vore relativt roleg på lensmannskontoret fortel Sperrevik.
- Det var ein vanskeleg gjest på Bar2Be som yppa til bråk med andre gjestar. Han blei bortvist av vaktane og tok til vetet då patrulja kom.
- Søndag hadde vi ei melding om røykutvikling i ein bustad.
- Det viste seg å vera ein som hadde sovna frå steikepanna slik at denne byrja å ryke, men det tok heldigvis ikkje fyr, avsluttar politioverbetjenten.