Sport | 01. mars 2013

Slo proffe russarar

Lysekloster banka U21-gutane til det russiske storlaget Krasnodar 3-0 i treningskamp torsdag. Sjå heile kampen her.

Slo proffe russarar
Thomas Sandal klinkar til på volley og skårar 3-0 målet (Foto: skjermskot frå YouTube-videoen/Krasnodar)
Andris Hamrefredag 01. mars 2013 12:04

Lysekloster nyttar vinterferien til å førebu seg til sesongstart i 3. divisjon på treningsleir i den tyrkiske byen Side.

Torsdag møtte dei Krasnodar U21 til treningskamp, eit lag med fleire aldersbestemte landslagsspelarar. A-laget til Krasnodar ligg på 10. plass i den øvste russiske divisjonen, berre 4 poeng bak kvalifiseringsplassen til Europaligaen.

- Vi gleder oss stor til å få møte spillarar som allereie er eller vil bli europeiske toppspelarar, meldte Lysekloster på eiga heimeside før kampen.

Gav dei ein leksjon

Sjølv om det sto heilproffe fotballspelarar på motsatt banehalvleik viste amatørane frå Lysekloster at også norske 3.divisjonsspelarar kan spela fotball.

- 3-0 blei resultatet, etter at Lyseklosterguttane hadde overbevist med lagmoral og det å setja kompisen sin foran seg sjølv i 2x45 minutt.

- Kommunikasjonen var akkurat der den skal vera. Innsatsen var meget bra, spelet gjekk hurtig på eitt og to touch langs bakken. Når vi samstundes var knalltøffe i duellane, då blir gjennomføringa og resultatet bra, oppsummerast det frå Tyrkia.

Starta bra

Kampen starta bra for Lysekloster sin del dei første fem minutta, men då ballsikre og hurtige russiske spelarar skrudde opp tempoet sleit Lysekloster med å henga med.

- Dei tok over i ei periode på 10-15 minutt og hadde nokre halvfarlege sjansar, men vi rodde det i land.

- Deretter tok vi meir og meir over og Lars Henrik Skage satte inn 1-0 heilt inne ved stolpen.

Resultatet heldt seg til pause.

Viste kven som var sjefane

Andre omgang starta forrykande for Lysekloster. Før kvarteret var spelt leia dei 3-0 etter mål av Christoffer Robin Larsen og spelande trener Thomas Sandal.

Utover i omgangen pressar Krasnodar meir og meir og har fleire gode sjansar, mellom anna to skot som smell i treverket heilt oppe i krysset.

- Vi vinn kampen og syner at vi er på gang mot noko bra, konkluderar Lysekloster på si eiga heimeside.

Laget som starta: Ole Kristian Olsen, Baste Jonassen, Ørjan Skilbrei, Steffen Finsådal, Sigve Rørstad, Eirik Indredavik, Johannes Jordal, Martin Eidsvik, Joakim Hovden, Christoffer Robin Larsen, Lars Henrik Skage.

Spelarar som kom inn: Christian Almeland, Thomas Sandal, Kim Krogsethagen, Thomas Greipsland, Eirik Musland, Mattias Høiland, Andreu Pont Morey, Toni Salazar Ortega og Even Bjoarvik.

Støtteapparat som eit tippeligalag

Motstanderane frå aust stilte med eit støtteapparat som kan imponera ein kvar 3. divisjonsspelar i Noreg.

- Dei hadde eit apparat som eit norsk tippeligalag og eit eige filmteam på fire personar.

- Kampen blei vist direkte på Youtube og på Krasnodar si eiga heimeside.

Har du lyst til å sjå heile kampen så finn du den her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.