Slo med øl-flaska
Då ein festdeltakar kasta sneipen på foten hans, truga han først med juling før han slo med øl-flaska.
Laurdag kveld fekk politiet melding om ei lekemsfornærming på ein fest på ungdomshuset i Søre Øyane.
– Det skal ha starta med at den fornærma hadde kasta fra seg røyken og traff foten på ein kar ved siden av seg.
– Denne skal ha blitt sint og sagt at han skulle få bank.
– I følgje rapportane skal han først ha slått han, får han slo med ei øl-flaske, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Den fornærma karen skal ha fått mindre skader og blitt kontrollert av lege. Gjerningsmannen var fordufta då politiet kom til staden.
Satt i marsj
Ein gjest på Bar 2 Be laga bråk med vaktane natt til sundag.
– Han skal ha kome tilbake og laga meir bråk.
– Patrulja kom då til staden og fekk satt vedkommande i marsj, avsluttar Sperrevik.