Slo fylkesmeistrane
Fylkesmeisterskapen starta så bra som den kunne for Nore Neset J12, men til slutt blei målforskjell avgjerande mellom dei tre puljevinnarane.
Nore Neset har ein sterk 2003-årgang med handballspelarane. Dei to laga i jenter 12 gjekk gjennom serien utan tap, i dag var det fylkesmeisterskap for vinnarane av dei tre A-puljene.
Nore Neset, Gneist og Fyllingen møttest til to kampar kvar der fylkesmeistertittelen skulle delast ut til det beste av dei tre.
– Vi fekk ein god start og slo Gneist 13-10, fortel Camilla Hjelle, som trener Nore Neset-jentene saman med Anette Engelsen.
Men litt sliten etter første kamp blei det tøft mot eit utkvilt Fyllingen. Nore Neset tapte med fem mål og oppgjeret mellom Fyllingen og Gneist blei avgjerande.
Alle slo kvarandre
Frå sidelinja fekk Nore Neset sjå Gneist slå Fyllingen med seks mål.
Dermed hadde alle to poeng, Gneist 3 plussmål, Fyllingen 1 mål i minus, Nore Neset 2 i minus.
– Det er jo irriterande å vera så nær, men det blei ein jamn dag og vi er nøgd med både sesongen og sigeren over fylkesmeisteren, seier Camilla.
Glad og god - inne og ute
Jentene har hatt ein knallsesong og var førre helg til Voss der dei to laga frå Nore Neset møtte kvarandre i finalen. Også jenter 13 vann sin klasse.
– Dei fleste på laget speler fotball ved sidan av, og vi er opptatt av å ta omsyn av kvarandre så dei kan halda fram med begge idrettar. Dei er veldig flinke utandørs òg desse jentene, dessutan viser dei veldig godt samhald og humør mens dei speler. Det er til og med noko som framande kom bort til oss og kommenterte etter kampane i dag, at det var kjekt å sjå ei slik glede mellom lagvenninner.