Slik røysta dei
E39: Politikarane røysta torsdag kveld med namneopprop då høyringuttala skulle vedtakast. Sjå korleis kvar enkelt stemte.
Det låg to framlegg til høyringuttale då Kommunestyret handsama saka om statleg plan for E39 Stord - Os.
Glenn Erik Haugland (V), ikkje Nils-Anders Nøttseter (MDG) som Midtsiden først skreiv, ba om at røystinga skulle gjerast ved namneopprop, noko han fekk støtte for frå 7 Ap, 1 Krf, 2 Sp, 2 V, 2 MDG og 2 TVS.
Då eit slik krav trengde 1/4 av kommunestyrerepresentantane blei det vedteken.
Det er første gong kommunestyret har vald denne røysteformen.
Dei to forslaga blei satt opp mot kvarandre. Kommunestyret forkasta administrasjonen sitt framlegg til vedtak.
Slik røysta dei 35 politikarane (resultatet nedst):
Marie Bruarøy (H): posisjonen sitt framlegg
Eirik Andre Hesthamar (Frp): posisjonen
Espen Aspenes (Frp): posisjonen
Glenn Erik Haugland (V): opposisjonen
Harald Døsen (Ap): opposisjonen
Helge Steinum (Ap): opposisjonen
Jon Sivert Rykkel (V): opposisjonen
Laila Marie Reiertsen (Frp): posisjonen
Marianne Neumann Hjelle (Frp): posisjonen
Nils-Anders Nøttseter (MDG): opposisjonen
Roald Stigen (Frp): posisjonen
Siren Tømmerbakke (Sp): opposisjonen
Ståle Skåtun (H): posisjonen
Tone Hepsøe (Ap): opposisjonen
Torunn Øvredal (TVS): opposisjonen
Tryggve Lillestøl (KrF): opposisjonen
Jostein Bøe (Frp): posisjonen
Knut Ivar Børgesen (MDG): opposisjonen
Arild Mats Nilsen (Ap): opposisjonen
Emil Tetlie Brimsholm (H): posisjonen
Gisle Hesjedal (Ap): opposisjonen
Gustav Bahus (Frp): posisjonen
Harald Lekven (Sp): opposisjonen
Jakob Enerhaug (Krf): opposisjonen
Jonn Garvik (Frp): posisjonen
Leif Gunnar Heggland (Frp): posisjonen
May Britt Haringstad Mjøs (H): posisjonen
Oddgeir Bjoarvik (Frp): posisjonen
Sandra Austgulen (Ap): opposisjonen
Sonja Vernøy Hansen (frp): posisjonen
Terje Sperrevik (TvS): opposisjonen
Tore Kleppe (Frp): posisjonen
Trine Lindborg (Ap): opposisjonen
Veronica Haugland (Frp): posisjonen
Eva Elisabeth Sandtorv (Frp): posisjonen
Posisjonen sitt framlegg blei vedtatt med 18 mot 17 røyster.
Midtsiden oppmodar folk om å besinna seg i kommentarfeltet!