Lokal | 26. okt. 2011

Slik blir utvala 2011-2015

Kommunestyret valte tysdag kven som skal sitja i dei forskjellige utvala. Sjå oversikta her.

Slik blir utvala 2011-2015
Andris Hamreonsdag 26. okt. 2011 07:59

Kommunestyret hadde tysdag sitt konstituerande møte med val av ordførar, varaordførar og representantar i ei rekkje politiske utval.

Terje Søviknes (FrP) og Marie E. Lunde Bruarøy (H) blei gjenvalte til dei to toppstillingane, men ikkje utan den obligatoriske kampvoteringa.

Jostein Bondevik (Krf) fremja på vegne av KrF, TvS, V og Sp Eirik Neverdal (TvS) som kandidat til ordførarvervet, medan Kristin Haukeland foreslo Lars Atle Skorpen (Ap) som kandidat frå Arbeiderpartiet.

Til varaordførarvervet fekk Marie Bruarøy (H) konkurranse frå Kristin Haukeland (Ap), eit forslag fremja av Eirik Neverdal.

Søviknes blei valt til ordførar med 19 røyster, medan Skorpen og Neverdal fekk 7 og 9 røyster.

Bruarøy blir varaordførar også i den komande perioden då ho fekk 20 røyster mot Haukeland sine 15.

Odd Tøsdal leiar i kontrollutvalet

Kommunestyret si eiga vaktbikkje - kontrollutvalet - skal ettersjå at både politikarar og administrasjon gjer ting i tråd med lova og stå for revisjon av kommunen sine rutiner og regelverk. Utvalet rapporterer direkte til kommunestyret.

Følgjande blei valte som fast medlemmar i kontrollutvalet:

Odd Tøsdal (Ap) - Leiar
Leiv Gunnar Heggland (FrP) - Nestleiar
Laila Reiertesen (FrP)
Einar Øvreberg (TvS)
Olav Kvinge (H)

Ståle Skaathun ny leiar i plan- og bygningsutvalet

Ikkje overraskande blei Ståle Skaatun (H) valt til ny leiar av plan- og bygningsutvalet etter Gustav Bahus (FrP) som no tek eit steg ned og blir nestleiar. Plan- og bygningsutvalet er kommunens sitt faste utval for areal-, plan- og byggjesakar.

Desse blei faste representantar i utvalet:

Ståle Skaatun (H) - Leiar
Gustav Bahus (FrP) - Nestleiar
Sigrid Aanestad Bakke (KrF)
Torill Keys (Ap)
Harald Døsen (Ap)
Veronica Haugland (FrP)
Sonja Vernøy Hansen (FrP)
Jonny Garvik (H)
Terje Sperrevik (TvS)

Nykomar i tenesteutvalet

Den ferske kommunepolitikaren Eirik André Hesthamar (FrP) blei som venta vald til leiar i tenesteutvalet. Utvalet har som oppgåve å sjå på den kommunale tenesteproduksjonen, som kvalitet, service og utvikling av tenestetilbodet.

Tenesteutvalet sine faste medlemmar blei:

Eirik André Hesthamar (FrP) - Leiar
Turid Elisabeth Oltedal Lunde (H) - Nestleiar
Anders Hjelle (TvS)
Helge Olav Nygard (KrF)
Arild Mads Nilsen (Ap)
Anne Kristine Tøsdal (Ap)
Emil Brimsholm (H)
Nina Borgen Halhjem (FrP)
Oddgeir Bjoarvik (FrP)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.