Lokal | 21. mars 2012

Slik blir ungdomsskulane

Skulebruksplanen går for full maskin. No er teikningane for dei to ungdomsskulane klare. Begge blir 5-parallellar.

Slik blir ungdomsskulane
Oppvekstsjef Ingvar Torsvik studerar saman med leiar i Tenesteutvalet Eirik André Hesthamar dei oppdaterte kalkylane på skulebruksplanen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 21. mars 2012 09:19

Tenesteutvalet fekk i førre veke ei statusoppdatering på framdrifta i skulebruksplanen. Oppe i det heile har fylkesmannen kome med spørsmål om den fysiske tilstanden på skulane som følgje av mykje omtale av skulebygg i dårleg forfatning i Bergen.

- Skulane i Os var i dårlegare fysisk tilstand enn eg var klar over. Sjølv dei skulane som er godkjende etter krava om miljøretta helsevern har småtteri som må takast, fortalde prosjektleiar Tor Inge Døsen.

- Det som er nokså kategorisk er at dei er godkjent for ei tid tilbake og at forskrifta har endra seg. Når vi innfrir krava så er vi europameistrar, slo Døsen fast.

Vil forsera Lysekloster

Døsen oppsummerte kjapt kva som skulle gjerast på Nore Neset barneskule (komplimentere ventilasjonsanlegget til sommaren), Hegglandsdalen skule (rehabiliteringa går sin gang, 17. mai skal kunna feirast på skulen), Os skule (ventilasjon i kviteskulen og opprusting av heimkunnskapsromma), Kuventræ (diverse taktekking) og Lysekloster (taktekking på gymsalen).

Sjølv om ein del ting no blir tatt på kort sikt, ligg framleis planen om ombyggingar og rehabiliteringar i skulebruksplanen fast.

- Når det gjeld Lysekloster skule er det mistanke om sopp i gymbygget og kommunelegen anbefalar ikkje bruk, forklarte Døsen.

- Det er heller ikkje ønskjeleg å venta med Lysekloster slik som det var lagt opp til i planen. Vi vil derfor prøva å skyva også arbeidet med klasseromsfløyen fram i tid.

Os ungdomsskule

Det einskilde prosjektet det kanskje har knytt seg meist spenning til i forhold til gjennomføring og økonomi er truleg rehabiliteringa av Os ungdomsskule.

- Vi fekk kalkylane i går. Det er ingen overraskingar, dei viser ei totalkostnad på 80 millionar kroner inkludert meirverdiavgift, fortalte oppvekstsjef Ingvar Torsvik.

- No kvalitetssikrar vi og går vidare med planane. Det blir ein 5-parallellar skule (5 klassar per trinn, journ. mrk).

- Planen er å bygga om gymbygget no i sommar til fire klasserom. Saman med to brakkerom på skuleplassen skal vi klare å halde undervisninga i gang medan vi rehabiliterar.

- Kva med gymtimane når de tar gymbygget til undervisningsrom, undra medlemmane i tenesteutvalet.

- Det har rektor Kåre Lutro sagt at han har løysinga på, så det uroar vi oss ikkje for, slo Torsvik fast.

Etter planen vil rehabiliteringa ta til i august.

Nore Neset ungdomsskule

Den nye ungdomsskulen på Nore Neset kjem bak Nore Neset aktivitetshus.

- Der har vi starta på arbeidet med vegen fram til tomta.

- Når vi kjem til august vil vi starta med masseutskiftingane, forklarte Torsvik om framdrifta.

Også den ungdomsskulen blir ein fem-parallellar skule.

Må be om meir pengar

Dei oppdaterte kalkylane syner ei underbudsjettering i skulebruksplanen totalt på 21,5 millionar kroner.

- Vi arbeider på spreng med å kvalitetssikre alle kalkylane og gjera anbodsgrunnlaget klart.

- Etter ei omdisponering av midlar til miljøretta tiltak syner kalkylen at det manglar vel 20 millionar i høve til ramma. Dette vil vi koma med ei eiga sak til kommunestyret 19. juni på, forklarte Torsvik.

Det er rehabiliteringa av Os ungdomsskule som førar til budsjettoverskridinga. Totalkostnaden på dette einskilte prosjektet syner ei underbudsjettering på 30 millionar, men 10 av dei hentast inn gjennom omdisponeringar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.