Slepp dei tre siste
Med desse banda er programmet til Rock N LOL, som i år blir arrangert for siste gong, komplett.
Søfteland Rock N LOL slepp i dag dei tre siste banda til årets festival - den siste utgåva av den populære rockefestivalen på Søfteland.
– Vi får Blood Command, Gerilja og Divisjonen med på å runda av eventyret vårt, fortel festivalsjef Andreas Lindborg.
Blood Command:
Det var knytt store forventningar til Blood Command sitt andrealbum etter at debutalbumet blei nominert til Spellemann for beste rockeplate i 2011.
– I haust kom endeleg oppfølgjaren «Funeral Beach» og om plata innfrir forventningane? HELL YEAH!
Metal Hammer UK gav albumet karakter 9 av 10 og sa at bandet er noko av det beste dei har høyrt dei siste åra. Kerrang (!) har følgt på med 5/5 og blant anna VG, Dagbladet, BT, BA og P3 landa alle på terningkast 5 eller 6.
– «Funeral Beach» er ei knallbra videreføring av det strålende debutalbumet. Det er pop som er godt innpakka av hardcore, punk og rock, men viktigst av alt er det sinnsjukt fengande!
Blood Command er siste band ut i teltet på fredagen og der kjem det nok til å koka med allsong på songar som «On And On Chameleon», «Alarm All Assassins» og «High Five For Life».
Gerilja:
Det er tre år sidan Oslobandet Gerilja besøkte Søfteland og Rock N LOL. I sommar kjem dei tilbake med eit rykande ferskt debutalbum i baklomma!
«Step Up Your Game» er tittelen på det mykje omtalte debutalbumet frå rocketrioen som kom ut 27. mai.
– Gerilja har fått gode omtaler for sin «space-disco-rock» og er eit band heilt utan om det vanlege. Dei må rett og slett berre opplevast!
''Gjengen plukker opp Van Halens fargesprakende hardrock, bytter ut sentralstimulerende med eventyrblanding, legger inn litt spacerock og noen luftige hip hop-inspirerte beats - der har du en kombo du mest sannsynlig ikke har hørt før'' - Torgrim Øyre, Dagbladet
"Det här är framtidens rockklassiker!" (Anders Fridén, In Flames)
Debutant: Divisjonen:
Divisjonen er eit ferskt indiepop-band med medlemmane Ole Gunnar Eikeland og Henrik Hellevik, kjent frå blant anna bandet Babe Rawlins, som spelte på Rock n' LOL i 2009.
– Første album skal sleppast til hausten, men allereie no kan du høyra tre flotte låtar som tyder på at Divisjonen verkeleg har popteft. Det er fleire enn oss som har lagt merke til dette nye bergensbandet, seier Andreas.
Natt&Dag har anbefalt dei som eit band dei har tru på, Urørt anbefalar låtane og det har til og med blitt radiospeling på både P1 og P3.
– Vi gler oss til debutalbumet, men endå meir til å sjå dei opna hovudscenen vår laurdag 6. juli, noko som blir bandets aller første konsert!
Med seg på scenen har dei ein meget solid gjeng beståande av Tommy Haltbakk (The Royalties), Kim Gulbrandsen (Pogo Pops, Audrey Horne), Einar Olsson (bl.a. Casiokids, Herr Nilsson) og Endre Olsen (Angry Wasp).
Midtsiden samleside: Søfteland Rock N LOL
Komplett lineup, Søfteland Rock N LOL 2013:
BigBang
Blood Command
Cockroach Agenda
Divisjonen
Eirik Søfteland
Gerilja
Honningbarna
KingCalling
Lars Vaular
Major Parkinson
Mikhael Paskalev
Real Ones
Vinnar Eggstock 2013