Sleivkast | 11. juli 2024

Sleivkast MINI: Ferietid og overgang til dansk toppfotball

Davy Wathne og Lars Bakkerud diskuterer Kolskogen sine eigenskapar før dei går laus på Norsk Tipping-ligaen sin innspurt mot ferie.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. juli 2024 07:36

Sleivkast er Midtsiden sin nye podkast, starta før serieopning våren 2024. Programleiar Davy Wathne styrer Sleivkast saman med fotballekspert Lars Bakkerud. Sleivkast blir òg gjort tilgjengeleg der du høyrer podkast ein dag eller to etter at videokasten er publisert.

Sleivkast MINI: Ferietid og overgang til dansk toppfotball (denne episoden er etter episode 15, men er berre på Midtsiden, ikkje på podkast, og står som unummerert)

Davy Wathne og Lars Bakkerud diskuterer overgansaktuelle Ole Martin Kolskogen sine eigenskapar før dei går laus på Norsk Tipping-ligaen sin innspurt mot ferie.

* Vi ber om orsak for dårleg lyd frå Bakkerud sin mikrofon i denne episoden.

* Episoden blei spelt inn måndag 8. juli før lunsj, men har i forsøk på forbetring av lyd fått forseinka publisering.

  • Lysekloster og Sotra imponerte i førre runde. Laurdag tar Lysekloster imot Ørn Horten.
  • Os speler heime mot Haugesund 2 søndag. Er opprykkssjansane allereie spolerte?

PostNord- og NorskTipping-ligaen tar sommarferie når helgas runde er spelt.

Sleivkast tar ikkje ferie, men byr på nokre ekstraepisodar med spesielle gjestar.

Den første ekstraepisoden kunne då sjå allereie måndag denne veka, med Vegard Leikvoll Moberg som gjest.

Dei komande måndagane kan du sjå og høyra talentspeidar Bent Raknes og mannen bak Os Fotball si største bragd, suksesstrenar Erik Just Olsen, i samtalar med Davy og Lars.

Podkast og varsel

Sleivkast er òg tilgjengeleg som lyd åleine. Podkast blir som oftast publisert cirka eit døgn etter videokasten.

Trykk gjerne på abonnér, så får du varsel når vi er ute med ny episode. Varsel kan du òg få i Midtsiden sin app.

Hugs å tipsa andre som kan ha glede av Sleivkast!

Har du kommentar til episodane eller tips om tema eller gjestar? Send til oss på tips@midtsiden.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.