Lokal | 25. mars 2018

Slått bevisstløs på fest

Gut dytta og slått bevisstløs på russefest i Hegglandsdalen.

Slått bevisstløs på fest
Politiet rykte ut på to tilfeller av bråk natt til søndag (ill.foto: AH)
Andris Hamresundag 25. mars 2018 09:57

Klokka 0153 fekk politiet melding om bråk på ein russefest i Hegglandsdalen.

– Ein person blei dytta og slått i hodet slik at han ei lita periode var bevisstløs. Han blei sendt til Haukeland sjukehus for observasjon, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt.

Då politiet kom fram hadde den mistenkte forlatt staden, men politiet veit kven guten er.

– Vi har vore i kontakt med han og hatt ein god dialog. Han vil bli kalt inn til avhør på lensmannskontoret i Os. Det er oppretta sak om kroppsskade.

– Begge dei to gutane er i 17-18 årsalderen, fortel operasjonsleiaren.

Vist vekk frå Peppes

På Peppes laurdag kveld blei den tradisjonsrike påskebluesen arrangert. Ikkje alle klarte å oppføre seg like bra.

– Ein kar i 30-åra var veldig pågåande og skapte bråk. Han fekk pålegg om å halde seg vekke frå Os sentrum. Det vil også moglegens komma ei anmelding, fortel Magnussen om episoda som blei meldt 23.20.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.