Slåstkamp og burning
To menn i 30-åra braka saman torsdag kveld. På Nore Neset rykte politiet ut til unge trafikantar som tydelegvis ikkje er så glade i førarkorta sine.
Torsdag i 21.30-tida fekk politiet melding om slåsting i ein bustad i Os.
– Den eine av dei hadde fått eit slag i ansiktet, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
– Han ville ikkje til lege for sjekk og ville heller ikkje melda forholdet med det same. Men det er mogleg han kjem inn og melder det som lekamsfornærming i dag.
Dei to partane skal ikkje vera i slekt.
Burning på Nore Neset
Litt over klokka 22 torsdag fekk politiet melding om burning ved Nore Neset skule.
– Då patruljen kom til staden var det nokre unge bilistar der, men bilane sto i ro.
Sjansen er stor for førarkortbeslag om du driv med unødig spinning og sladding.
– Det er ein del ferske bilførarar som liker å tøya grensene bak rattet. Vi fekk oss ein prat med ungdomane og håper dei held seg til det dei lærde på kjøreskulen framover.