Slåsting, sprøytebruk og full syklist
Politiet har hatt ei hektisk sommarnatt i Os.
Laurdag og natt til søndag blei ei travel natt for politiet i Os.
• Laurdag ettermiddag klokka 15.20: Melding om mann som såg ut som om han skulle setja ei sprøyte med narkotika. Mannen, som er rundt 30 år, blei ransaka og politiet fann mindre mengde narkotika på han, noko han blir meldt for.
• Litt over klokka 21 fekk politiet melding om død hjort i sjøen i innseglinga til Halhjem. Ein privatperson slepte hjorten til land og viltkontakt i Os blei varsla.
• Melding om pågåande innbrot i bil nær Søfteland i 22.30-tida. Politiet fann ikkje spor etter innbrot, men fekk ein prat med ein mann som spaserte i nærleiken. Han blei dimittert etter samtalen.
• Klokka 23.45 kom melding om mann som låg strak ut i eit busskur på Søfteland. Patruljen rykte ut, men fann ikkje mannen.
• Ei jente som var svært full blei tatt hand om av helsepersonell på Rock N LOL-festivalen i 1-tida.
• I 2-tida fekk politiet melding om piratdrosje-aktivitet i Os sentrum. Patruljen var opptatt, men politiet har fått registreringsnummer på bilen.
• Klokka 02.45 sat ei full, ung jente midt i Hatvikvegen, rett utanfor lensmannskontoret. Jenta fekk ein sjekk og blei kjørt heim.
• Politiet fekk melding om ein full syklist i Byvegen på Søfteland. Patruljen var i utgangspunktet på veg til et anna oppdrag, men møtte syklisten på vegen og gav han ordre om å koma seg inn på gang- og sykkelstien, noko han etterkom.
• 03.40 kom melding om slåsting på Essoen. Fleire personar var involvert, men berre éin av dei var der då patrlujen kom fram. – Men så kom dei andre tilbake i ein bil medan vi sto der. Dei nekta for å ha vore involvert, men vi har prata med fleire vitne og følgjer opp saka, seier politibetjent Kjetil Hansen.
• I 4-tida kom melding om banke- og sagelydar frå Industrivegen. Patruljen var opptatt, men svingte innom etter ei stund, og då var det stille i området.