Slåsting og bråk i familie
Politiet rykte i natt ut til slåsting på Gudriflaten og ein full og trugande familiefar på ei anna adresse.
Klokka 23.20 fredag kveld fekk politiet melding om slåsting mellom to personar utanfor Plantasjen på Gudriflaten.
– Patruljen fekk kontroll på to personar i 20-åra. Dei skal ha roa seg før politiet kom fram, men ein av dei fekk pålegg om å fjerna seg frå staden, seier politibetjent Benedicte Svanes.
I 3.50-tida i natt fekk politiet melding om familiebråk.
– Vi rykte ut til ei adresse der ein mann sto utanfor og var rusa og trugande, ifølgje meldar.
– Mannen fekk pålegg om å halda seg unna adressa, der eks-kjæærasten bur. Det var born i huset og det er sendt bekymringsmelding til barnevernet, seier Svanes.