Slår seg saman
Partas AS og Osøyro Regnskap AS fusjonerer.
Osøyro Regnskap AS og Partas AS har levert økonomiske tenester i Os i fleire år. No har eigarane bestemt seg for å slå saman dei to selskapa.
– Vi trur at krav frå styresmaktene vil auka i tida som kjem. Med dette følgjer meir ansvar og høgare risiko, derfor vil vi bygga eit sterkare og meir robust selskap som i større grad kan vera ein totalleverandør og god rådgjevar, seier Knut Haddal.
Haddal eig Partas AS saman med Asle Andersen. Osøyro Regnskap AS er eigd av Jon Norvald Kuven.
Samlokalisering under Partas-namnet
Partas AS blir vidareført som namn på det fusjonerte selskapet.
Også adressa til Partas blir ståande, dei tilsette i dei to selskapa skal jobba under same tak i Industrivegen 63 frå 1. august.
Betre på IT og web
Ei anna årsak til fusjonen er at dei to selskapa ønskjer å bli endå betre innan IT, internett og effektiv kommunikasjon og samspel med kundane.
– Nå du sjekkar nettbanken ventar du at alt er oppdatert. Sånn kan det også vera med rekneskapen.
– Vi har eit effektivt og fleksibelt verktøy i Partas Nettsky, der kunden kan velja å gjera nokre enkle oppgåver sjølv, som fakturering og føring av timelister, medan vi tar oss av rekneskap, føring av lønn og registrering av dokumentasjon.
– Alt kan gå elektronisk slik at kunden sparer tid på alt frå å henta posten til å puncha KID-kodar, samtidig som vi får effektivisert og kunde får frigjort tid og betre oversikt, seier Knut Haddal.