Slår saman Os og Austevoll
Politimester Kaare Songstad tilrår at Os og Austevoll slåast saman. Vil ha tre geografiske driftseiningar.
Politimeister Kaare Songstad kom i dag med si tilråding til politidirektoratet til korleis Vest politidistrikt bør organiserast.
Politimesterens tilrådning til ny tenestestruktur følgjer dagens inndeling, kor Hordaland blir forslått inndelt i 11 tenesteeiningar. Unntaket er Austevoll, som i dag er eit lensmannsdistrikt, men som no blir ein del av Os tenesteeining. Vidare blir Fusa og Tysnes lensmannsdistrikt og Kvam og Samnanger lensmannsdistrikt foreslått slått saman til Kvam, Fusa og Tysnes tenesteeining.
- 40 kommunar og andre aktørar har sendt oss sine høyringsfråsegn og gitt uttrykk for si meining om forlaget mitt. Fråsegna frå kommunane har vore svært viktig for meg i arbeidet med å tilrå ny struktur for Vest politidistrikt, seier politimeister Kaare Songstad, Vest politidistrikt i ei pressemelding.
Forventar gevinst
I tilrådinga skriv politimesteren at han ventar ein gevist ved å slå saman lensmannsdistrikta.
– Ei endring i tenestestrukturen kor lensmannsdistrikta slåast saman til færre og større lensmannsdistrikt er forventa å gje gevinst. Lensmannsdistrikta får ein meir hensiktsmessig størrelse med tanke på kompetanse og kapasitet. Samordninga av arbeidsplanar og administrasjon vil frigje kapasitet som kan spissast mot meir polititeneste. Arbeidsoppgåver kan fordelast jamnare på fleire medarbeidarar og fag som førebygging og etterforsking kan styrkast, heiter det i tilrådinga.
Uvisse om GDE-ane
Det har òg vore spenning knytt til dei overordna geografiske driftseiningane.
I tilrådinga skriv politimeisteren at han vil gå til forhandlingar med tenestemannsorganisasjonane med eit forslag om ei inndeling av politidistriktet i tre geografiske driftseiningar: Sogn og Fjordane, Hordaland og Bergen/Sotra/Askøy/Øygarden.
– Det er ein moglegheit for Os å posisjonera seg i høve det å få den geografiske driftseininga for Hordaland. Eg tenkjer det er naturleg at den er relativt tett på Bergen. Frå Os vil ein nå Nordhordaland, Hardanger og Midthordaland innan ein times tid, kommenterar ordførar Terje Søviknes (Frp).
Vil vidareføra tanken om blålyssamling på Moberg
Han er glad for at Os er sikra ein tenesteeining.
– Det at vi er sikra solid lokal tilstedeværelse er positivt. Eg tenkjer det er fornuftig å vidareføra ambisjonsnivået vårt om å samla blålysetatane på Moberg, så får dimensjonen på det bli litt ulikt om vi får den geografiske driftseininga eller ikkje, avsluttar Søviknes.
Det er Politidirektoratet som har det endelege ordet når det gjeld strukturen i politidistrikta og avgjerda derifrå skal etter planen ligge føre midt i januar 2017. Deretter får kommunane ein klagefrist til 1. mars på delar av avgjerda, først og fremst saksbehandlinga. Justisministeren er klageinstans for avgjerda frå direktoratet og alle klager er venta ferdig behandla innan 1. april 2017.