Politi | 27. des. 2022
Slagsmål i Os sentrum natt til 2. juledag
Tre personar involvert i slagsmål i Os sentrum.


Eirin Eriksen Horveitysdag 27. des. 2022 09:24
Natt til 2. juledag var tre personer involvert i eit slagsmål i Os sentrum.
– Dei involverte var ei kvinne og to menn. Alle var i 20-åra, opplyser politibetjent Anette Bøyum.
Det er i skrivande stund ingen som har meldt forholdet.
Hadde promillekontroll i romjula
Over romjula har politiet hatt fleire promillekontrollar i Os.
25. og 26. desember hadde politiet kontroll på E39 ved Storestraumen, ingen reaksjoner.
Dei hadde også promillekontroll ved Lepsøyvegen 26. desember, også her var det lite å reagera på.