Lokal | 12. mars 2016

Skyting med luftvåpen

Ein vektar vart i natt skoten mot, med det som truleg er eit luftvåpen, i Industrivegen.

Skyting med luftvåpen
 Ein vektar vart skoten mot med luftvåpen i natt. (Illustrasjonsfoto frå ein tidlegare politikontroll i Industrivegen: KVB)
Cathrin Valestrandlaurdag 12. mars 2016 09:24

Like etter klokka 2 i natt fekk politiet melding om at ein vektar i bil var skoten på med luftvåpen i Industrivegen, ikkje langt frå Meny.

– Vektaren melde sjølv frå til politiet om hendinga, og er uskadd. Men det er klart at det er ei skummel hending, seier politibetjent Janne Samuelsen ved Os lensmannskontor.

Det skal vera merke i karosseriet etter det som truleg er kula.

Søkte med hund

– Vi rykka sjølvsagt ut etter meldinga, og søkte med hundepatrulje i området etter gjerningspersonen. Ingen er så langt pågripne, men det er oppretta sak, og vi held fram etterforskinga i dag.

Så langt er det ingen spor etter gjerningspersonen.

Vitner som har sett noko mistenkjeleg i området kan ta kontakt med politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.