Skyld deg sjølv!
Lesarinnlegg: Om vi får eit regjeringsskifte etter valet og høgresida overtar styringa av Noreg så vert sikkert alt så mykje betre, eller?
Ja, det blir det nok, for dei som er øvst på samfunnsstigen. Politikken til høgresida vil gagne dei som allereie har mest og gjere livet til dei som har minst enno vanskelegare! Skyld deg sjølv om du fell utanfor!
Sjukelønsordninga som vi har i dag sikrar at vi kan bli sjuk utan å tape pengar. Dersom høgresida får det som dei vil må den som er sjuk sjølv bere tapet dei fyrste dagane av sjukdomen. Skyld deg sjølv om du ikkje held deg frisk!
Dersom du av ymse grunnar fell utanfor arbeidslivet og får støtte frå det offentlege, vil det med ei høgrestyrt regjering bli stilt strenge krav til deg som får ein økonomisk yting. Skyld deg sjølv om du treng hjelp!
Høgresida vil gå til åtak på arbeidsmiljølova og svekke vanlege arbeidstakarar sine rettar. Det vil verta opna opp for meir bruk av deltid og midlertidige tilsetjingar og fagrørsla sine vilkår vil verta svekka. Skyld deg sjølv om du ikkje er heiltids-tilsett!
Høgresida er ein ihuga tilhengjar av «fri konkurranse». Vil vi ha eit samfunn der tusenvis av arbeidstakarar skal vera prisgitt at den «frie konkurransen» finn dei lønsamme nok? Og prisen for å vere lønsam nok er tap av pensjonsrettar og dårlegare løns- og arbeidsvilkår.
Og alle desse «lønsame» arbeidstakarane som har sitt virke på «golvet» i vårt flotte land, ufaglærte eller folk med fagbrev, det er dei som er «folk flest».
Skyld deg sjølv om du er «folk flest»!
Vigdis Vestvik