Sport | 16. aug. 2024

Skyene forsvann for Kuhnleleikane igjen

Store smil og strålande vêr på innhaldsrik aktivitetsdag.

Skyene forsvann for Kuhnleleikane igjen
Post 1 av 14 var kappløp. Denne gjengen lystra siste beskjed frå sjefen; hugs å heia på kvarandre. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 16. aug. 2024 18:27

I dag blei Kuhnleleikane arrangert for fjerde år på rad.

– Vi har mange ulike formar for arbeid og aktivitetar gjennom veka, men ønskte oss ein aktivitetsdag utandørs, der vi leikar oss, seier leiar ved Kuhnletunet, Aud Marie Jakobsen Lothe.

Kuhnletunet har 20 deltakarar og 8-9 vegleiarar. Dei hadde invitert deltakarar frå Trivselstunet undervising- og aktivitetssenter frå Fusa-sida av fjorden til å delta.

– Vi har faktisk alltid hatt bra vêr, seier Olav Skorpen mens han, få minutt før start, flytta parasollen for å skjerma lydutstyret for regn.

Så kunne Jakobsen Lothe spasera bokstavleg tala ut av regnet og inn i solstrålene for å ta mikrofonen.

Aud Marie Jakobsen Lothe gledde seg over sola si timing. (Foto: KVB)
Aud Marie Jakobsen Lothe gledde seg over sola si timing. (Foto: KVB)

Ho ønskte velkomen og takka sponsorane.

Dagsenteret er eit ikkje-lovpålagt tilbod som overlevde budsjettkutta, og fleire lokale bedrifter har sponsa alt frå tskjorte og premiar til mat, popcorn og ballongar.

Kuhnletunet hadde rigga 14 postar, alle utandørs. Men først, opningsseremoni.

Etter talen var det fanfare og snorklipping.

Så var det felles oppvarming leia av fysioterapeut Aslak Magnus Larsson Aga - oppvarming i form av innøvde dansar. Den eine er BlimE, den andre ein eigenkoreografert dans etter Madcon-låten Glow.

Så kunne deltakarane delast i grupper og leikane byrja.

Blant dei 14 aktivitetane var fiskedam, frisbee, fotball, balanseøving, boksekasting, froskejakt, smaksprøvar, å føla seg fram til ting - og kappløp.

Bildeserie:

I nye tskjorter. (Foto: KVB)
I nye tskjorter. (Foto: KVB)
Klare for opningsseremoni. (Foto: KVB)
Klare for opningsseremoni. (Foto: KVB)
Velkomsttale av Aud Marie. (Foto: KVB)
Velkomsttale av Aud Marie. (Foto: KVB)
Så var det oppvarming. (Foto: KVB)
Så var det oppvarming. (Foto: KVB)
Med to dansar. (Foto: KVB)
Med to dansar. (Foto: KVB)
Leia av fysioterapeut Aslak Magnus. (Foto: KVB)
Leia av fysioterapeut Aslak Magnus. (Foto: KVB)
Akkompagnert av Ørjan. (Foto: KVB)
Akkompagnert av Ørjan. (Foto: KVB)
Varme musklar og varme smil. (Foto: KVB)
Varme musklar og varme smil. (Foto: KVB)
Fin samling frå Os og Fusa. (Foto: KVB)
Fin samling frå Os og Fusa. (Foto: KVB)
Snart kan leikane starta. (Foto: KVB)
Snart kan leikane starta. (Foto: KVB)
Frisbee og fotball på same mål. (Foto: KVB)
Frisbee og fotball på same mål. (Foto: KVB)
Dei lystra siste beskjed frå sjefen; hugs å heia på kvarandre. (Foto: KVB)
Dei lystra siste beskjed frå sjefen; hugs å heia på kvarandre. (Foto: KVB)
Feit fisk på kroken. (Foto: KVB)
Feit fisk på kroken. (Foto: KVB)
Kva kan du knipa på? (Foto: KVB)
Kva kan du knipa på? (Foto: KVB)
Fulltreffar på veg! (Foto: KVB)
Fulltreffar på veg! (Foto: KVB)
Ein av sponsorane stilte òg med mannskap. (Foto: KVB)
Ein av sponsorane stilte òg med mannskap. (Foto: KVB)
1 av 16

– Fiskedammen var veldig kjekk! synest Suna.

Ho var med for første gong, og hadde vore gjennom 6 av 14 postar då Midtsiden møtte ho og resten av gruppa.

– Alt var kjekt! synest gruppekollega Ørjan, same mann som sto for både snorklipping og trommespel under oppvarminga.

Suna og Ørjan. (Foto: KVB)
Suna og Ørjan. (Foto: KVB)

Midtsiden fekk med seg den første halvannan timen.

– Dette er ikkje noko deltakarane har familiemedlemmar med på?

– Nei, dette er internt for oss saman med venar frå andre sida av fjorden. Haustfesten vi skal ha om nokre veker er for deltakarar med familie, fortel Jakobsen Lothe.

Seinare var det grilling og musikk ved Kuhnlebandet.

Kuhnlebandet høyrde vi òg då dei spelte under opninga av nytt Nav-kontor i fjor (sjå video i saka under).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.